Helse Førde si haldning er at frakt med drone må passe perfekt i ein region som Sogn og Fjordane, med sine mange fjordkryssingar, og lange avstandar.
– Dagens vegbaserte transportløysingar er både tid- og kostnadskrevjande. Det er også utfordrande å halde kvaliteten på transporten oppe, seier administrerande direktør Arve Varden. Dronefrakt er under utprøving og drift i fleire land i Europa. Tyskland, Danmark, Sveits er land der biologisk materiale og medisinsk utstyr i dag blir frakta med dronar mellom sjukehus og laboratorium. Her i Noreg er også Sjukehuset Innlandet i gang med å vurdere dronefrakt av sine blodprøvar. Under prosjektperioden har det blitt produsert ein drone som er spesialtilpassa frakt av biologisk materiale. Dronen har allereie fleire hundre timar i lufta på lukka område. Neste steg er å testfly dronen på ei ekte rute, og her kan Helse Førde vere ein mogeleg pilot.Ser til Helse Førde for transport med drone
Innovasjonsprosjektet «Droner for effektivisering av Helse Norge» har som mål å utforske korleis og om drone kan nyttast i helsevesenet. Helseføretaka i Helse Vest og Airlift Solutions AS samarbeider om prosjektet, og det er delvis finansiert av Innovasjon Norge.