Det melder Bergens Tidende.
II 14-tiden måndag fekk MF «Ampere» problem. Ein sensorfeil som måler temperaturen i batterirommet på ferja gjorde at de vart teken ut av sambandet. Feilen Sensorfeilen førte til at det vart meldt om varmgang i batterirommet, og brannvesenet vart difor tilkalt. Men ifølgje ferjesjef i Norled, Eva Fagernes, brann det aldri, – Brannvesenet vart tilkalt for å vere føre var, seier ho til avisa. I 19-tida var serviceteam på plass for å undersøke problemet, og ifølgje Fagernes var det enkelt å finne feilen. At det tok så lang tid forklarar ho med at ein først måtte få tak i serviceteamet, og sidan få dei til ferjekaien. – Det må også køyrast ein testrunde før ferja er tilbake på sambandet, seier Fagernes til Bergens Tidende. Klokka 22:50 om kvelden, ni timar etter at problemet oppstod, meldte Norled at ferja var tilbake i vanleg drift.Sensorfeil sette MF «Ampere» ut av drift
Det var ein sensorfeil som førte til at batteriferja MF «Ampere» var ute av drift i ni timar måndag.