Under spørsmålsrunden på kommunestyremøtet førre torsdag var Einar Rysjedal ein av dei som stilte dei potensielle utbyggjarane til veggs.

– Garanterer at ein stor del frå kraftverket blir teke ut av marknadsprisinga og blir allokert til Høyanger

Når Hydro og Eviny la fram planane sine for kommunestyret i Høyanger førre torsdag, var det også opna for spørsmål frå salen.


Einar Rysjedal, leiar for Raudt Høyanger og nestleiar i Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn, let sjølvsagt ikkje sjansen til å stille dei potensielle vindkraftutbyggjarane til veggs, men han opna med ei sympatierklæring til sin gamle arbeidsgjevar.

– Først vil eg sei at eg har veldig stor forståing for at Hydro i denne situasjonen vil utvikle meir og billigare kraft og ønskjer seg nye og gode kraftavtalar som sikrar arbeidsplassar ute i distrikta. Dette har eg jobba for som tidlegare Hydro-tilsett, i fagforeining, i lokalsamfunnet og i kommunestyret, eg har jobba intenst for at industrien som Høyanger er så avhengig av skal få gode vilkår. Der er vi heilt einige. Men når det kjem til vindkraft så er vi ikkje fullt så einige, sa Rysjedal frå talarstolen, og tillet seg eit lite smil til forsamlinga.

Ut av marknaden
Rysjedal hadde med seg ei rekke spørsmål, og opna med å forlange svar på om det har vore kontakt mellom Hydro og Eviny og Fred. Olsen Renewables. Hydro svarte med å sei at Snøheia var det einaste vindkraftprosjektet Hydro har, og at det ikkje er noko meir enn det.

Rysjedal fortsette med å spørje om Hydro sine lovnadar om at kraft generert i eit vindkraftverk på Snøheia skal blir bunden til Høyanger kommune. Hydro har tidlegare sagt at 70 prosent av krafta, eller 700 GWh frå Snøheia skal bindast i langsiktige kontraktar i Høyanger, og dei heldt på den garantien.

– Det vi garanterer er at ein stor del frå kraftverket blir teke ut av marknadsprisinga og blir allokert til Høyanger slik at dei får den prisen i 20 eller 30 år, eller kor lenge dei ønskjer, sa Moss.

Eviny stilte på kommunestyremøtet med konsernsjef for Eviny Fornybar, Olav Osvoll, medan Hydro stilte med både konsernsjef for Hydro Energi, Arvid Moss, og leiar for primærproduksjon, Ola Sæter.
4 TWh i 2030

Rysjedal hadde og spørsmål om kor mykje kraft som låg i dei langsiktige til Hydro som går ut i 2030.

Moss opplyste om at det i ligg omlag 4 TWh i dei kontraktane som går ut i 2030, og at dei må ligge godt framfor for å sikre seg i tida etter 2030.

– Vi må ligge åtte til ti år framfor, det er difor vi har byrja med Snøheia no.

På spørsmålet frå Rysjedal om det vart jobba med å fornye desse kontraktane, ville ikkje Moss sei så mykje meir enn at det er utfordrande for Hydro å erstatte dei kontraktane dei har i dag. I tillegg har Hydro behov for meir kraft for å gjennomføre nye prosjekt.

– Vi kjem ikkje til å snakke om kommersielle forhandlingar her no, men det er ein grunn til at vi gjør det vi no gjør, og det er at det ikkje er lett å få erstatta kommersielle kontraktar og vi treng meir kraft for å få til det vi ønskjer å gjere. Inkludert både Hall Zero, CSS og hydrogen, sa Moss og la til:

– Vi ser at det å ha eiga kraft er heilt avgjerande for Hydro. Og krafta kjem til å vere målretta og kjem til å bli brukt til å produsere aluminium.

Ytring
Varaordførar og gruppeleiar for Senterpartiet, Geir Helge Østerbø, tok også til talarstolen, men med ei ytring heller enn med spørsmål til Hydro og Eviny. 

Meldinga frå Østerbø var den same som Arbeidarpartiet har komme med ei stund – at dette ikkje er ei sak som blir tatt opp i kommunestyret før eit nytt lovverk er på plass.

– Eg trur ikkje kommunestyret kjem til å ta stilling til denne saka her før den nye lova er landa. Så forstår vi også det slik at Eviny vil at denne saka her skal behandlast etter det nye bygningslova, sa Østerbø og fekk bekreftande nikk frå konsernleiaren i Eviny.

Snur alle steinar
Østerbø tok også til orde for å sjå på verna vassdrag i jakta på meir vasskraft i landet, i tillegg til å oppfordre til å utnytte eksisterande vasskraft endå betre.

– At de ser på å overføringar av vassdrag som gjer at ein kan utnytte falla på ein betre måte. Det meiner eg er noko av samfunnsoppdraget til kraftselskapa, det å utnytte dei vassressursane som finst best mogleg. Og det er eg heilt sikker på at de også jobbar med.

– Det gjer vi. Vi snur på alle steinar på dei 39 vasskraftverka vi har, vi ser på moglegheiter for å flytte meir vatn inn i eksisterande reguleringar og tunnelsystem. Det potensialet ligg på mellom tre til fem prosent, svara Osvoll frå Eviny. 

Eviny trur at dei kan skaffe omlag 300 GWh på denne måten, men at vassdrag i Norge no er anten regulert eller verna.

Varaordførar og gruppeleiar for Høyanger Senterparti, Geir Helge Østerbø, sa at for Senterpartiet er det ikkje aktuelt å sei ja til Snøheia-prosjektet slik det ser ut no.
Prangande

Østerbø poengterte også at vindkraftsaka sto sentralt i lokalvalet i 2019.

– Det ligg til rette, det er enkelt å nå og det er den billigaste plassen de ser å byggje ut. Det er kanskje ikkje heilt slik eg ser føre meg er den luraste måten å byrje på, ein må gjerne sjå på det på ein måte som gjer at ein kan få større samfunnsøkonomiske synergiar av det. Og så må ein kanskje ikkje bygge eit så stort og prangande vindkraftanlegg der det er mest synleg for alle. 

– Vi har jo gått til val på eit program, og vårt samfunnsoppdrag er å ivareta kommunen og veljarane våre, dei som har gjett oss eit mandat til å styre i denne kommunen. Vindkraftsaka vart eit stort tema i valet i 2019, og alle som sit her gjekk vel til val på at vi ikkje vil ha vindkraftutbygging i Høyanger kommune.

– For Senterpartiet er det ikkje aktuelt å sei ja til utbygging av Snøheia slik det ser ut no.

Avhengig av begge
Kristin Sagerøy Råsberg, gruppeleiar for Arbeidarpartiet, ville vite kva som skjer med Snøheia-prosjektet om berre ein av dei to kommunane som er involvert seier ja til prosjektet.

– Snøheia-prosjektet krev tilslutning frå to kommunar. Kva blir vegen vidare no om ein av kommunane seier nei?

– Vi er avhengige av begge kommunane, vi har eitt prosjekt som vedkjem begge kommunane, var det enkle svaret.

Det føyer seg inn i ei rekke uttalar frå Eviny om at Snøheia-prosjektet berre blir gjennomført med lokal tilslutning.

Råsberg understreka også at eit vindkraft-prosjekt i kommunen er avhengig av at det er ein vinst for Høyanger som vertskommune.

– Det er sjølvsagt viktig at det er noko igjen til vertskommunane med ei sånn utbygging.

Synfaring
Det vart også lagt fram eit forslag undervegs om ei synfaring på eit eksisterande vindkraftverk, noko Hydro svara positivt på. Det var Østerbø som kom med denne idéen, og han føreslo også ein synfaring på Snøheia med kommunestyret, Eviny og Hydro.

Også dette var Hydro positive til, og Moss fekk med det siste ordet i denne delen av kommunestyremøtet.

– Vi ønskjer absolutt vidare dialog rundt dette. Både Eviny og Hydro tenkjer mykje på å ha tillit, og bygge landet saman med dei som bur her. Vi skal ha ein samfunnskontrakt om at dette går bra, og har vi ikkje den samfunnskontrakten så går det ikkje bra.