Redningshelikopter henta mann i Lånefjorden

Søndag måtte ein turgåar i Lånefjorden hentast med redningshelikopter. Det melder Vest politidistrikt på den sosiale plattforma X (tidlegare Twitter).


Det var klokka 13.47 at Vest politidistrikt melde på X (tidlegare Twitter) at dei måtte bistå ein turgåar i fjella mellom Høyanger og Lånefjorden.

Frivillige frå Røde Kors vart kalla inn, i tillegg til eit redningshelikopter frå Florø. Klokka 14.17 melde dei at redningshelikopter var på plass på staden og starta søk.

Og før det var gått ti minutt melde Vest politidistrikt at mannen var funnen i god behald. 

– Verkar i god form. Blir tatt med i helikopteret og flydd ned frå fjellet, melde dei klokka 14.25.