Om stien opp til Nova - svar til Giskeødegaard


"Heile poenget med stien er at flest mogleg skal kunne nytte den", skriv Sven Erik Lillehauge i legget sitt. 


Flott at fleire engasjerer seg i trapper, trallebaner, røyrgater med meir. Men av og til kan det vere greit å sjekke fakta litt før ein går ut i avisa med innlegg. Spesielt når avisinnlegg er einaste initiativ ein har å vise til når det gjeld å utvikle lokalsamfunnet. Du kjem med nokre påstandar som ikkje har rot i verkelegheita. Hydro eig store område i fjellet. I Eriksdalen eig dei ikkje «ei flis». I Gautingsdalen hadde bruket dei kjøpte ein beiterett. Den planlagde stien er kun for dei spreke. Har du sett planen? Heile poenget med stien er at flest mogleg skal kunne nytte den. 



Når det gjeld kven som har bestemt at nye tunnelen ikkje er open for allmenn ferdsel, så er det Statkraft som er konsesjonsinnehavar. Det er mange år sidan Hydro igjennom Hydro Energi dreiv med dette. Og til opplysning så har grunneigarane gjort det dei kan for at den skal vere open for allmenn ferdsel. Kva har du gjort angåande dette tema? Og kva har du gjort for å få sykkelsti til Balestrand? Starta eit venelag? Starta eit AS? Nei, du sit og skriv om kva du forventar at Høyanger kommune og Høyanger Næringsutvikling (HNU) skal gjere. Det er no ein gang slik at det er ikkje HNU eller kommunen som skal stå for dette. Det har dei ikkje økonomi til. Verken investeringar eller drifta kan du eller andre forvente at dei skal gjere. Men dei kan bidra i etableringa og tilrettelegge for dei som ynskjer å jobbe med slikt. Så det er berre å sette i gang.


Du har bestemt deg for at denne stien kun er for dei spreke, og at denne stien no er lagt fram for å flytte fokus frå trallebane og trapper. Dette er reint vås. Til orientering så er det sett saman eit venelag på fire personar som brenn for nærområdet sitt. Fire personar som ynskjer at etterkommarane vår skal ha ei levande bygd. Eit venelag som har til mål å styrke andre næringsdrivende i bygda. Og det utan ei krone i inntekter. Dersom du er så opptatt av at fremtidige planar av denne sort skal kunne nyttast av alle, så er vel ikkje ein sykkelsti til Balestrand plassen å starte? Må begynne å lure om du i det heile har gått turen. Men, flott idé. Berre det at du samanliknar stien i Vassdalen der ein kunne kjøre ATV etter anleggsslutt, tilseier at du mest truleg ikkje har gått opp randen ein gong. Og kva med vinteren? Ja, kva med den? Stien er sesongbasert slik som det meste ellers i verda, og som eg tippar også sykkelsti til Balestrand vil vere. Om du då ikkje har tenkt å måke den. Lykke til.

Ein sherpabygd sti som denne med pausebenkar, utkikkspunkt, sikkerhetsinstallasjoner med meir er meint for alle. Dersom vi får ein brøkdel av besøkjande andre slike stiar har så ser ein ikkje vekk frå 4000 besøkjande kvart år. Det vil seie 4000 fleire potensielle kundar til næringsdrivende i sentrum. Spør en butikkeigar i Høyanger om dette er så dumt. Men dersom du eller andre har andre idéer som kan bidra, så er det berre å hive seg rundt. Du har sikkert betre tid du til å tigge penger frå stat, fylke, kommune, næringsdrivende og private enn det eg har. Ingen som nektar deg å starte eit venelag eller eit AS. 


Poenget er at ein må innsjå at det hjelper ikkje å sitje på gjerdet med gode idéar og ikkje gjere ein drit for at idéen skal kmme ut i livet. Og det hjelper i alle fall ikkje å sitje og skrive nedlatande og leggje fram ein haug med svada for å stoppe eit prosjekt der folk verkeleg har teke eit iniativ.



Det kan for meg virke som du trur at vi har fått tre millionar av Statkraft, kommune eller andre, og at dette er feil bruk av pengane, Venelaget Nova har i skrivande stund kroner null på kontoen. Venelaget har som håp at i løpet av ein 3-4 årsperiode skal ha klart å skaffe desse pengane. Kva som skjer vidare med trallebane, trapper og røyrgater, ja det er faktisk opp til blant andre deg. Det er opp til kva du og andre legg ned av arbeid for å behalde desse krafthistoriske anlegga. Det er du med fleire som må påvirke NVE sine konsesjonsvilkår for å få desse vilkåra endra. Og det er du med fleire som må finne økonomien i det. Men at de får hjelp og støtte frå HNU og kommune, ja det reknar eg med.

Vi har funne vårt satsingsområde. Sti på Nova for dei fleste. Utkikkspunkt på veg opp og på toppen. Merka sti til utkikkspunkt ved Gråberget, merka sti til Måren, merka sti til Balestrand. Så her mykje å ta tak i. Ein har når stien er ferdig lyst til å sjå på moglegheit til zipline. Ein ser på gjennomsiktig bru over juvet der overbygget i dag er. Mange flotte idéer som ein vil jobbe vidare med når stien står ferdig. Kvifor ikkje før? Det har noko med midlane som ligg der ute. Ein bør ikkje blande fleire prosjekt på ein søknad. Det viktigaste for oss er først ferdig sti, så utviklar vi idéar rundt denne og området. 


Håpet er jo sjølvsagt at fleire enn oss fire tek del i dette. Men ein plass må ein starte for å få utvikling i staden for avvikling. Og den staden er ikkje ved tastaturet og kritisere andre.