«Olavskrossen» er sett opp att


Riksantikvar Jørn Holme vitja sist veke Gulen for offisielt å markere at den keltiske «Olavskrossen» som vart skadd i 2012, no er sett opp att i Eivindvik.

Krossen er frå 1000-talet og vert saman med den angliske krossen i Krossteigen ansett for å vere sett opp i samband med kristninga av Norge.

Ein tydeleg rørt Trude Brosvik, som til dagleg er kyrkjeverje i Gulen kommune, fortalde om korleis det var å vere den som sat med ansvaret då krossen vart skadd i 2012:
-Eg sat i eit møte då eg fekk meldinga som ei tekstmelding: «Krossen e øydelagd!» Dei andre sa at det såg ut som om eg hadde fått melding om eit dødsfall i familien der eg storma ut, fortalde ho.

Det første Brosvik gjorde den fatale dagen var å ringe politiet og melde frå om det som hadde skjedd.

Deretter fortalde ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal om korleis denne hendinga har prega Gulen som kommune, og ikkje minst; innbyggarane i kommunen.

-Det var sjokk og vantru og stor sorg for mange, kunne ordføraren melde.

Riksantikvaren repliserte at ein kunne jo berre ta ein kikk på kommunevåpenet til Gulen, så skjøna ein kvifor det var så viktig for folk at krossen måtte komme attende.

Oppedal fortalde at det hadde vore ein lang prosess, og at det slett ikkje var sjølvsagt at krossen kom attende til Gulen. Det var ulike synspunkt i fagmiljøa om kva som ville vere den beste løysinga. Men til slutt vart kommunen lytta til og Riksantikvaren avgjorde at krossen skulle settast opp att i Gulen. Restaureringsoppdraget vart deretter gjeve til Stavanger Arkeologiske Museum.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!