To nye smittetilfelle i Høyanger:
–⁠ Har full oversikt

Høyanger kommune har fått påvist to personar smitta av covid-19, melder Høyanger kommune på heimesidene sine. Dei smitta er sett i isolasjon og smittesporinga er utførd.


Den eine smitta er relatert til utbrotet i Årdal, medan den andre jobbar på sjukeheimen i Høyanger.

Full oversikt
– Vi har full oversikt over situasjonen og har starta hurtigtesting av ni pasientar på sjukeheimen, fortel Kristine Longfellow, kommuneoverlege i Høyanger kommune.

Den smitta som jobbar på sjukeheimen hadde berre hatt tre nærkontaktar. Av dei var alle fullvaksinerte, og slik reglane er no treng dei ikkje gå i karantene. Longfellow fortel at ho likevel har oppmoda dei om å halde avstand og meir eller mindre oppføre seg som om dei var i karantene.

– På sjukeheimen er så godt som alle fullvaksinerte, og det er ein situasjon eg er nøgd med.

Ingen nærkontaktar
Ni pasientar blir altså hurtigtesta, og sjukeheimen er enn så lenge stengd for besøk.

– Dette har blitt oppdaga veldig fort, og at alle nærkontaktane var vaksinerte gjer det veldig lett for meg. Det er og ein person som har vore i nærleiken av den smitta, der det eigentleg ikkje er nærkontakt, og vi har òg sett denne personen i karantene, seier Longfellow.

Den personen som har fått smitta i samanheng med utbrotet i Årdal hadde allereie valt å sette seg sjølv i karantene og har ikkje hatt nokon nærkontaktar den siste veka.

– Eg er kjempenøgd med korleis denne personen har handtert situasjonen. Det har verkeleg gjort jobben min enkel, seier Longfellow.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.