Nyrstar legg ned produksjonen i Høyanger, og 36 tilsette mister truleg jobben.
Det melder NRK Vestland torsdag kveld, etter å ha fått stadfesta frå konsernet at dei no stansar produksjonen av resirkulert metall i iHøyanger. Dei tilsette vart orientert om dette på eit allmøte for nokre dagar sidan. - Vi visste at det kunne skje. Men vi håpa i det lengste at det ikkje ville det, seier tillitsvald Terje Ljotebø til NRK Vestland. Nyrstar er eit stort internasjonalt konsern innan attvinning av metall,og har hovudkontor i Nederland. Dei overtok fabrikken i Høyanger i 2013. Største eigaren i Nyrstar er Trafigura.