Skulebruksplanen skal vere klar til vedtak i mars neste år. Administrasjonen må gjere undersøkingar og utarbeide ein plan, og med det ta avgjersler og legge ei retning som stemmer overeins med det eit fleirtal av kommunepolitikarane også ønsker.
Saka i seg sjølv er betent, skulenedleggingar og samanslåingar, eller berre det at elevar får ein ny skule å møte opp til, alt dette er avgjersle som set sinnet i kok og får foreldre og andre til å ta til både gater og debattsider. Det gjeld å halde tunga rett i munnen.
Da administrasjonen la fram eit forslag om å leggje ned Vadheim skule i 2023 kom FAU ved skulen kjapt på bana med sterke uttalar i media. Da det også vart usikkerheit rundt tala ein brukte til å argumentere for forslaget, så fall heile forslaget.
Statistikk og prognosar
I utvalsmøtet for oppvekst førre torsdag var det ei uformell stemning, sjølv om temaet var alvorleg nok. Kommunalsjef for oppvekst, Stig Engen, legg fram tal og prognoser for dei neste fem åra, og det var ingen overraskingar på lur der. Elevtala i Høyanger kjem til å gå ned dei komande åra, og dei kjem til å gå ned mykje.
På Høyanger skule er ein redd for at elevtalet vil gå frå 263 til 167 innan 2030.
– Det er dramatisk, meiner den førebels uavhengige representanten Dag Sture Fjeldsbø.

Engen forsikrar om at han og kommunalområdet hans har gjort grundig arbeid med tala, alt er dobbelt- og trippelsjekka. Dei fire andre skulane i Høyanger kommune vil ved skulestart 2025 ha 113 elevar, om prognosane treff. Her er det derimot noko positivt å melde.
– Tala i bygdene held seg jamne, seier Engen.
Faktisk er det fleire av skulane i kommunen som ser ut til å få ei vekst dei komande åra. I Bjordal seier prognosane at ein vil gå frå 19 elevar i dag til 26 elevar i 2030.
Hypotetisk tankespel
Men den uformelle stemninga kom ikkje av at kommunalsjefen la fram statistikkar og prognosar. Ei ny tilnærming til arbeidet med store, formande planar er i gjæring, og møtet er stort sett sett av til det som blir kalla ein «politisk verkstad».
– De er litt «testkaniner» no. Vi forsøker på noko som eg håpar blir meir og meir utbreitt, og som i alle fall kjem til å bli det i Høyanger kommune, seier kommunedirektør Ørjan Haram.
Sjølv om det er kommunedirektøren som står ansvarleg for det dokumentet som blir levert til høyring, og seinare til politisk behandling, er dei politiske synspunkta no drege inn på eit mykje tidlegare punkt i prosessen.
Lokalpolitikarane får synse fritt rundt ein framtidig skulestruktur. Forslag og idéar blir lagt fram. Ytre Sogn sin utsending forsikrar lokalpolitikarane om at vi ikkje kjem til å lage overskrifter eller dra sitat ut frå samanhengen frå det som blir lagt fram i denne delen av møtet.
Det er hypotetisk tankespel rundt eit alvorleg tema, og skulle kvar uttale som er noko på sida av det ein ville ytra til pressa under normal omstende vere ei potensiell overskrift, så er det ikkje sikkert møtet hadde blitt spesielt konstruktivt heller.
Men det kjem også konkrete signal på tavla som administrasjonen forsikrar om at blir viktig for dei å ta med seg i det vidare arbeidet.
Skulestruktur og barnehagar under eitt
Reiseveg er ei av dei store utfordringane for Høyanger kommune om ein skal byrje å vri på den skulestrukturen vi har i dag. Med fem skular fordelt på rett under 4000 innbyggjarar, og under 400 skuleborn, er det også dyrt å gi undervising i kommunen.
Men ein ting er klinkande klart denne dagen. Økonomi er nedst på lista over dei tinga ein ønsker å ta omsyn til. Og det beste for borna står soleklart på topp på den same prioriteringslista.
Men det beste for borna er eit uttrykk som er ope for tolking. Kvalitet på undervising, kvalitet på det sosiale miljøet, og kvalitet i kvardagen i form av kort reiseveg må settast opp i mot kvarandre.

Det er ikkje vidare beint fram. Men kostnaden per skuleborn er ein statistikk som blir bladd fort forbi. Det er brei politisk einigheit i kommunen om at skulestrukturen skal vere mest mogleg desentralisert. Det er bortimot umogleg å ha eit skuletilbod for born på sørsida av fjorden og dei lengst inne i Lavikdalen utan å ha skular i desse endane av kommunen også.
Da kommunestyret gav administrasjonen i oppgåve å greie ut ein skulebruksplan for kommunen, gav dei også beskjed om at ein måtte sjå på strukturen for barnehagane i kommunen også. I utgangspunktet vil ein ikkje røre ved dei barnehagane ein har i dag. Men det er vanskeleg å ikkje sjå skular og barnehagar i samanheng. Det gjer ikkje arbeidet fram mot høyringsrunden lettare for administrasjonen.
Og mest sannsynleg ikkje etter, heller.
Høyringsrunde
Sunnfjord kommune står for tida i ein opprivande prosess der dei skal gjere dei politiske vedtaka for korleis skulestrukturen skal sjå ut i framtida. Sunnfjord er sjølvsagt i ein annan situasjon enn Høyanger, der dei for ikkje mange år sidan vart ein storkommune. Småkommunane som vart slukte i samanslåinga fekk lovnadar om at ein ikkje skulle gå laus på tilboda i distrikta.
Men Sunnfjord står ikkje minst i ein heilt anna økonomisk situasjon enn Høyanger. Store budsjettunderskot må korrigerast, og skulane er ein del av den nødvendige innsparinga. Slik er det ikkje i Høyanger, sjølv om også Høyanger kommune har varsla at det må kuttast i drifta dei komande åra, også innan oppvekst.
Kva no enn administrasjonen landar på når planen kjem på høyring til hausten, så er det nok vanskeleg å tru at det ikkje også i Høyanger kommune vil vere mange meiningar og tilbakemeldingar i høyringsrunden.
Etter planen skal den starte i oktober i år.
Uavhengige og partipolitiske tankar
Tankar og idéar blir sett på gule lappar og lister på tavla til kommunedirektøren. Det er latter og kameratsleg småkjekling blant representantane i eit ganske annleis utvalsmøte. Leif Arne Fureli sit i utvalet som uavhengig representant, og kan dermed fri seg frå sitt tidlegare partiprogram i Senterpartiet når han skal legge fram sine tankar.
Dag Sture Fjeldsbø sit også som uavhengig, men dei tidlegare INP-representantane som han er ein del av held seg framleis til partiprogrammet dei vart valde inn på. Hege Rusti og Birgitte Kyrkjebø Hagen (Ap) og Are Øvreås (H) har også partiprogram å halde seg til, men forslaga som kjem frå alle denne dagen finn seg heilt klart i eit kryssingspunkt mellom partipolitiske haldningar, personlege meiningar og ikkje minst tilpassingar knytt til den lokale geografien og demografien.

– Dette er heilt klart nyttig for oss å ta med oss vidare inn i arbeidet, seier kommunedirektøren mot slutten av møtet.
Fleire av representantane i møtet innrømmer at den politiske verkstaden var noko anna enn det dei hadde sett føre seg.
Møtest igjen om ein månad
– Denne typen arbeid er den rette vegen å gå, administrasjonen sin fagkunnskap blir fletta fint i hop med politikarane, og så finn vi løysingar saman. Det er ein veldig fin måte å jobbe på, seier Fjeldsbø.
Fleire innrømmer at dei kom til dette møtet med ein viss skepsis. Men dei same representantane seier også at dei er positivt overraska over korleis møtet utarta seg.
– Og så er det viktig at vi er lydhøyre for forslag som kjem etterpå, og ikkje tru at vi kan arbeide fram ein fasit, understrekar Høgre sin representant Øvreås.
Det er framleis ein lang og tung prosess som står framfor både administrasjonen, politikarar og innbyggjarar fram mot eit mogleg vedtak i mars 2026. Om dei moglege snubletrådane og konfliktane fram dit blir færre vil tida vise.
– Målet er å skape engasjement, og forhåpentlegvis eigarskap til planen, seier Haram.
Om rundt ein månad skal dei møtast igjen for å arbeide på den same måten kring barnehagane i kommunen. Fram til mars neste år er håpet å lande ein plan som kan samle kommunestyret, og ikkje minst foreldra og innbyggjarane i dei fem skulekrinsane i kommunen.