Ny industri­vekst i Høyanger


I eit innlegg i Ytre Sogn 8. september kjem Einar Rysjedal og Hedda Andrine Skår Indrebø frå Raudt Høyanger på ny med ei rekkje påstandar om Hydro som ikkje stemmer. Dei siste fem åra har Hydro investert opp under 1 milliard kroner i industriutvikling i Høyanger. Og vi har store ambisjonar for Høyanger i åra som kjem. 

Med opninga av Høyanger Recycling blir Høyanger til Hydros spydspiss for resirkulering av aluminium i Noreg. Før 2023 er over skal vi produsere dei første voluma med nær nullkarbon-aluminium i Høyanger. I løpet av 2024 skal vi produsere aluminium utan CO2-innhald. Det skal vi gjere ved å bruke grønt hydrogen i resirkuleringsanlegget. Det vil setje Høyanger på verdskartet!

Det var dette eg snakka om på folkemøtet i Høyanger 4. september: Investeringane vi har gjort, investeringane vi skal gjere, og moglegheitene vi ser for å bidra til næringsutvikling saman med andre. På same møte la fleire andre næringsaktørar fram sine planar. Summen av vedtekne investeringar  og moglegheitene som vi og andre ser, kan bli ein ny vekstperiode. Ikkje berre for industrien i Høyanger, men for heile regionen. Eg har jobba med industriutvikling i ei årrekkje. Det gler meg å sjå og bidra til optimismen som no er i Høyanger.. 

Rysjedal og Skår Indrebø var begge til stadespå folkemøtet 4. september. Likevel legg dei ikkje vekt på moglegheitene for industriutvikling i innlegget sitt i Ytre Sogn. Tvert om framstiller dei Hydros ambisjonar i Høyanger som eit trugsmål. Under folkemøtet 4. september var eg tydeleg på behovet Hydro og industrien har for fornybar kraft til konkurransedyktige prisar. Kraftbehovet er ikkje eit trugsmål, det er ein realitet.

Aluminiumsindustrien kviler på kraft, og på kraftprisar som er globalt konkurransedyktige. Slik har det våre i over 100 år. Eg skulle sjølvsagt ønskje at eg på folkemøtet 4. september kunne fortelje at Hydro har all krafta vi treng for å sikre industrien vår, og at det ikkje er nokon grunn til å uroe seg for høgare kraftprisar i åra som kjem. Men det er ikkje tilfelle. I løpet av svært få år går ei rekkje av våre langsiktige kraftkontraktar ut. Hydro må teikne nye avtalar til ein pris som gjer det mogleg å drive lønsam industri, og vi må gjere det før 2030. Det blir svært krevjande i ein kraftmarknad med stadig aukande forbruk, og lite ny produksjon. 

Kanskje hadde det kome færre lesarbrev frå Rysjedal og Skår Indrebø om Hydro let vere å melde frå om det kraftbehovet vi ser like framfor oss. Men som ei industribedrift med fleire tusen tilsette i Noreg, meiner eg vi har eit ansvar for å melde frå når vi ser at føresetnaden for den industrien vi har og dei investeringane vi ønskjer å gjere blir utfordra av ein mykje strammare kraftmarknad og høgare prisar. Hydro har ikkje luksusen det er å seie nei til alt. Så må eg respektere at Rødt meiner det er utilbørleg.  

Eg kom attende frå folkemøtet 4. september med forsterka tru på dei moglegheitene som ligg for industriutvikling i Høyanger dei neste åra, og særleg rommet for samarbeid mellom ulike industriaktørar. Høyanger kan i løpet av dei næraste åra bli ei leiande klynge for sirkulærøkonomi, der avfallsstoff frå ein industriaktør blir til ein ressurs for ein annan. Med over 100 søkjarar på 25 nye industriarbeidsplassar i Høyanger Recycling ser vi kva potensiale som ligg i denne regionen. 

Men vil vi industrien, må vi også ville krafta som gjer industriutvikling mogleg. Det held etter mitt syn ikkje å argumentere for storpolitiske grep – som at Stortinget skal snu opp ned på klimapolitikken eller EU gjere om måten kraftmarknaden i Europa fungerer. Ei heller  peike på kraftkjelder som berre er tilgjengeleg på papiret. Skal vi utvikle kraft til prisar som er konkurransedyktig for industrien, kjem vi ikkje unna å ta naturressursar i bruk – vatn og vind – slik vi har gjort i Noreg i 120 år. Det skaper  dilemma, og debatt. Høyanger har store moglegheiter i åra som kjem. Å ta debatten om kva som skal til for å sikre industrien for framtida er etter mitt syn er ikkje utidig, men på høg tid.

Ola Sæter
Leiar for Hydros aluminiumsverk