Skal ein reise med Norled sin båt frå veglause Måren i Høyanger kommune, må ein bestille plass. Søndag vart det problem då MS «Lysefjord» vart ståande i Ortnevik med tekniske problem.

Ny båt knela tredje dagen - rednings­båt måtte til Måren

Den nye kombikatamaranen var sett inn førre fredag, men allereie søndag måtte Norled kansellere kveldsruta. Det enda med at ein av passasjerane som skulle med båten måtte hentast med redningsbåt frå Leikanger.


Søndag ettermiddag var det fleire reisande som vart ståande på ferjekaia i Måren, då Norled si rute denne kvelden vart innstilt. Det heile enda med at ein av dei som skulle vere med ferja vart henta med redningsbåt frå Leikanger.

Ytre Sogn har prata med fleire av dei som var der, men ikkje alle ville ha namnet sitt i avisa.

Teknisk trøbbel

Norled skulle eigentleg overta ruta 1. mai, men båt- og reiarlagsbyte måtte utsettast då det tok lengre tid enn først anteke å bygge om MS «Lysefjord» til hybridbåt.

Men førre fredag var endeleg den nye båten og Norled-mannskapet på plass på rutene mellom Ortnevik og Vik og ruta Ortnevik - Måren - Nordeide. Starten på dette har nok ikkje heilt gått etter planen.

Norled sette fredag førre veke inn MS «Lysefjord» på rutene mellom Ortnevik og Vik, og Ortnevik, Måren og Nordeide. (Foto: Hesselhaker)

Etter berre tre dagar vart båten liggande til kai i Ortnevik, og den siste turen søndag for å plukke opp dei som skulle reise frå den veglause bygda i Måren og tilbake på nordsida av fjorden vart innstilt.

Hurtigbåtsjef i Norled, Bjørn Egil Søndenå, seier at det var eit problem med giret til kombikatamaranen som gjorde til at den ikkje kom seg på den siste turen søndag.

– Vi fann eit reservefartøy så fort som mogleg for å bistå passasjerar som skulle reise frå Måren, seier han til Ytre Sogn.

Ringde naudnummer

I mellomtida hadde nokre av passasjerane som skulle vidare ordna seg skyss med ein privatbåt, og komme seg vidare. Men ein av dei som venta på Norled sin båt sat i rullestol og kom seg ikkje med privatbåten.

Det var heller ikkje mogleg å komme seg ombord i reservefartøyet som Norled hadde sett inn i ruta.

– Dette var ikkje ein kombikatamaran, og ikkje ein båt med plass til bilar, seier Søndenå.

Løysinga var til slutt å ringe naudnummeret, og få redningsbåten sendt inn frå Leikanger. 

Søndenå seier han ikkje kjenner til dette, og at ferieavvikling også gjer til at han ikkje kjenner alle detaljane. Han er sjølv også på ferie når Ytre Sogn ringer.

– Det er berre å beklage om den reservebåten som vart sett inn i full fart der ikkje fekk med seg alle som skulle tilbake, seier han.

Etter det Ytre Sogn har fått fortalt, enda det heile med at personen kom seg heim att, men ikkje før brannvesenet hadde hjelpt med å få personen og rullestolen på land på Nordeide. Det var ikkje mogleg å køyre båten direkte til Høyanger, då gjestekaia i Høyanger som kjent ikkje lenger er i brukbar stand.

Stranda nederlandsk familie

Berit Oma er hytteeigar i Måren, og fortel til Ytre Sogn at ho morgonen etter oppdaga ein utanlandsk familie som venta på båten. Men den båten dukka ikkje opp, då det framleis vart jobba med å reparere MS «Lysefjord» i Ortnevik. 

– Dei var ganske fortvila og visste ikkje kva dei skulle gjere, men vi inviterte dei inn på kaffi.

Seinare på dagen vart MS «Lysefjord» sett tilbake i stand og byrja å gå i rute igjen, og det ordna seg også for den nederlandske familien på biltur i Sogn.

Etter at Norled tok over ruta treng ein ikkje lenger ringe til reiarlaget for å bestille stopp i Måren, men ein kan gjere det heile på internett. Dermed sit Norled på både e-post og telefonnummer, og Oma spør om det ikkje burde vere mogleg for Norled å varsle dei som ventar på å bli henta om båten likevel ikkje kjem.

Berit Oma er hytteeigar på Måren.

– Det er jo typisk når slikt skjer. Vi har Norled-sidene, SMS-varsling og e-tenester. Men det er klart at ein utanlandsk familie på tur ikkje nødvendigvis er kopla til slike varslingstenester, seier Søndenå.

Han forsikrar om at har ein bestilt plass til bil så vil ein også bli kontakta om ikkje båten kjem til avtalt tid, og at dei også vil ringe dei det gjeld.

– Det er heller normalt sett ikkje så mange som bestiller, og dermed ikkje så mange å varsle. Men vi har nok opplevd at nokre utanlandske turistar har vore litt vanskeleg å få tak i ved slike driftsavbrot.

Skryt av mannskapet

MS «Lysefjord» vart som sagt sett inn i rute måndag, og Søndenå seier det no er normal drift.

Oma seier dei var i kontakt med mannskapet denne søndagen, og understrekar at det ikkje er noko kritikk retta mot dei som jobbar på båten. Tvert i mot skryt ho av eit imøtekommande og serviceinnstilt mannskap.

– Det er eit fabelaktig mannskap, som takla situasjonen på ein beundringsverdig måte. Så vi har ikkje eit vondt ord å sei om dei, seier Oma.

Søndenå seier det er kjekt å få denne typen tilbakemelding på det som har vore ein kjedeleg situasjon for både passasjerar og dei tilsette.

– Det er kjekt at vi får slike tilbakemeldingar også, det er sjølvsagt slike situasjonar som gjer at folk ikkje normalt sett er spesielt godt nøgde.