Det er stor motstand mot vindkraft i Norge. Å øydeleggje den flotte fjellheimen vi har i landet vårt, skaper store protestar. Folket har talt i denne saka, vi vil ikkje ha naturøydeleggjande og fugledrepande vindturbinar i naturen vår. Det er å skyte seg sjølv i foten å øydeleggje den naturen som vi vil redde. Ein skulle tru at Hydro gjer det så godt økonomisk, at det å krevje at dei flotte fjellområda våre skal sprengast sunde for deira eigen vinnings skuld, er ganske ufattelig.
Dette er naturøydeleggjing utan sidestykke i norsk samanheng, kanskje og i verdssamanheng. I tillegg til naturøydeleggjinga vindkraftverka fører med seg, er turbinane i seg sjølv langt frå miljøvenlege. Kvar turbin inneheld 1000-1500 liter olje og 450 liter glykol. Lekkasje frå desse vil i seg sjølv vere katastrofalt i dette sårbare miljøet på høgfjellet. Turbinvengene, dei er 60 m lange kvar, er malt med eit pfas haldig middel som mellom anna inneheld bisfenol. Dette er spesielt farleg for små barn. Vi veit at slitasje på turbinvengene i ver og vind, medfører utslepp i naturen, kor mykje veit vi ikkje, men eg spør: har vindturbinar noko på fjella våre å gjere? Drikkevatnet vårt kjem frå fjella, skal vi utsette oss for den risikoen ureining frå eit vindkraftverk er på drikkevatnet i kommunen? Vi kjem aldri til å godta at politikarane i Høyanger går inn for denne naturøydeleggjinga på fjellet vårt! Sei nei til konsekvensutgreiing! Til dei som seier dei vil ha kunnskap, er det berre å seie: den bør de finne før de seier ja til konsekvensutgreiing. Etter det er vindkraftutgreiinga sett i gang, og uansett kva som blir sagt, det blir ikkje lett å stoppe. Vi har 65 vindkraftverk med 1392 turbinar bygd i Norge. Informasjon skulle vel vere tilgjengeleg? Unni ThueBerge, Høyanger