Leiinga i Helse Førde varsla i eit møte fredag dei tilsette på Tronvik om at aktiviteten der er eitt av tiltaka føretaket ser på i arbeidet med å spare 100 millionar kroner for å få 2024-budsjettet i balanse. Også tillitsvalde og vernetenesta er informerte.
– Vi er i ein svært tidleg fase, og eg vil understreke at ikkje noko er avgjort. Når vi likevel valde å orientere dei tilsette, er det fordi vi ønskjer å spele med opne kort overfor medarbeidarane våre i dei vanskeleg prosessane og avgjerdene vi står framfor, seier administrerande direktør Arve Varden. Han understrekar at ikkje noko er avgjort om framtida til behandlingsstaden ved Sognefjorden. – Vi har tre alternativ. Drifta ved Tronvik kan halde fram som no. Men det kan også verte redusert drift, eller, i verste fall, nedlegging. Vi har hatt som mål å styrke drifta ved Tronvik ved å utvide tilbodet med fem nye regionale plassar i 2023, men det har over tid vore svært vanskeleg å rekruttere legar til Tronvik. Det gjeld både spesialistar og legar i utdanning. Helse Førde-sjefen har også orientert leiinga i Høyanger kommune og Helse Vest. Tronvik er ein tradisjonsrik behandlingsstad innan psykisk helsevern. Institusjonen opna i 1956, då under namnet Tronvik fylkessjukeheim. I dag er Tronvik ein regional rusinstitusjon med 15 sengeplassar og 37 årsverk. Hovudtyngda av pasientar kjem frå andre stader enn Sogn og Fjordane. – Det er svært tungt å gje slike meldingar til medarbeidarar i eit fagleg sterkt arbeidsmiljø. Vi håpar sjølvsagt at det kjem meir pengar i statsbudsjettet, men slik situasjonen er no må vi snu alle steinar, seier Varden.Ytre Sogn kjem tilbake med meir om saka seinare.