Falsk brann­alarm i Høyanger


Operasjonssentralen i Vest politidistrikt meldte litt etter klokka 16 om ein brann i ein bygning som var opplyst å ha fleire bueiningar i Høyanger.

Brannmannskap var raskt på staden men fann ikkje nokon brann, og dei valde å undersøke staden nærare.

Oppdatering kl. 17:00 - Vaktkommandør Stian Kvam ved 110 Vest opplyser til Firda at det synte seg å vere ein falsk alarm.

– Brannmannskapet har vore på rett adresse, og det er ingen brann. Situasjonen der difor heilt avklart, seier Kvam.