Mistanke om promillekøyring


Ifølgje Vest politidistrikt er det mistanke om at førar har køyrt bil i rusa tilstand i samband med trafikkuhellet i Balestrand tidlegare i dag.

Det vert teke blodprøve og førar vert meldt, opplyser dei.

Det var litt over klokka 10 søndag føremiddag at politiet fekk melding om at ein bil hadde køyrt i grøfta på Thue, vest for Balestrand. 

Det er ikkje meldt om personskade i samband med uhellet. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.