May Britt starta som journalist i Ytre Sogn i 2005, og arbeida før det både i Firda og Sogn Dagblad. I 2017 etterfølgde ho Rune «Suen» Sviggum som redaktør, ei oppgåve ho tok på strak arm, og meistra med glans. Som redaktørar flest hadde May Britt sine eksentriske sider, noko som gjorde ho til ein svært fargerik og triveleg person å ha rundt seg. Energien ho utstrålte smitta over på alle oss som var så heldige å få ha ho som kollega.
Noko av det som kjenneteikna May Britt som journalist og redaktør var hennar enorme arbeidskapasitet. Ho kjente til det meste av både smått og stort som skjedde i dekningsområdet vårt, og ho ville veldig gjerne dekke alt. Det er få klisjen om at jobben er ein livsstil passar betre på enn May Britt Eide. Ho var ein vaskeekte journalist med stor J, og ho la mykje ære i å levere så god lokaljournalistikk som mogleg til Ytre Sogn sine lesarar. Det er langt fra enkelt å vere redaktør i ei lita lokalavis med små ressursar i ein tøff marknad, men May Britt stod fjellstøtt i denne rolla. Konkurranseinstinkt hadde ho og, og ho haldt alltid eit årvåkent blikk på kva dei andre medieaktørane vi har rundt oss foretok seg. Ho var stolt av avisa si, og likte seg ekstra godt når journalistikken til Ytre Sogn vart lagt merke til av kollegaer i bransjen og i lokalsamfunnet. May Britt var ikkje opptatt av å sette seg sjølv i rampelyset, snarare tvert imot. Ho nytta redaktørrolla si til å framheve andre, og til å formidle historier som ho meinte kunne vere relevante og interessante for lesarane våre. Og sjølv om ho helst ville halde seg litt usynleg, og treivst best i kulissane og bak kamera og skriveblokk, var ikkje det på grunn av manglande engasjement eller meiningar. May Britt var brennande opptatt av lokalsamfunnet sitt, og internt var ho ein pådrivar for vidareutvikling av Ytre Sogn som lokalavis.![Dette bildet frå 2008 viser May Britt Eide og Rune «Suen» Sviggum i kjent stil over tastaturet, med den aktuelle saka i fokus. May Britt var i ei årrekkje «nestkommanderande» i Ytre Sogn, og i 2017 tok ho over redaktørstolen etter «Suen». Til saman har dei styrt det redaksjonelle arbeidet i lokalavisa i nesten eit kvart århundre.](https://cdn.ytresogn.no/bundles/global/uploads/articles/17/ys.6165.jpg)