Eit hus på Håland i Høyanger sentrum brann natt til torsdag heilt ned, og den einaste buande i bustaden er onsdag morgon framleis sakna. (Foto: Vest politidistrikt)
Mann sakna etter brann

Framleis for høg temperatur til å gjøre søk


Naudetatane i Høyanger rykte onsdag kveld ut til eit bustadhus på Håland i Høyanger sentrum etter å ha motteke melding om brann like over klokka 23.

Huset var då allereie overtent, og teamleiar ved Høyanger politikontor, Kristoffer Lønning, seier torsdag morgon at det framleis er umogleg å gjere søk på branntomta.

– Vi held framleis på med kontrollert nedbrenning og temperaturen er så høg at ein ikkje får gjort søk. Håpet er at forholda er slik at ein får starta søk i løpet av dagen og kriminaltekniske undersøkingar dei kommande dagane, seier Lønning til Ytre Sogn.

Politiet har framleis ikkje oppnådd kontakt med bebuaren, som budde aleine i bustaden.

– Vi har i løpet av natta primært jobba med innformasjonsinnhenting og slukningsarbeid, fortel Lønning.