Her går hunden til angrep på hjorten i Lånefjorden. Hjorten sprang til slutt på fjorden i eit desperat forsøk på å komme seg vekk, men måtte seinare avlivast grunna store skadar. (Foto: Privat)

Måtte avlive hjort etter hundeangrep

Ein hjort måte fredag avlivast i Lånefjorden etter å ha blitt angripen av ein hund.


Ytre Sogn har snakka med eit augevitne busett i Lånefjorden som fortel at det var eit dramatisk handlingsforlaup som endte i dyretragedia.

– Med mykje snø denne vinteren trekker utmagra hjort ned i bygda på bøane. Hunden som gjekk til angrep gjekk laus utan band, og hjorten vart biten av den fleire gongar. Hjorten fekk naturleg nok panikk og sprang i desperasjon på fjorden med store skadar. Etter å ha tatt kontakt med viltnemnda, og fått godkjenning frå dei, vart hjorten skoten av lokale jegarar.

Augevitnet fortel at det ikkje er første gong at frittgåande hundar har jaga villdyr i Lånefjorden, og at politiet har blitt kontakta tidlegare. Tenestestadsleiar Kristoffer Jorddal Lønning ved Høyanger politistasjon bekreftar hendinga, og fortel at politiet no jobbar med saka.

– Det har ikkje blitt oppretta noko straffesak på forholdet enda, men det kan endre seg. Det er ein politijurist som arbeider med dette no, og konklusjonen til vedkomande vil avgjere korleis politiet vil følgje opp saka vidare. Kva som blir det vidare forløpet vil truleg bli avklart i løpet av veka.