Aktiviteten på Fundo i Høyanger passar godt i kriteria til millionane som no blir lyst ut av Vestland fylkeskommune.

Lyser ut 17 millionar til berekraftig verdiskaping

Vestland fylkeskommune lyser ut 17 millionar kroner til større og mindre utviklingsprosjekt i fylket.


– Gjennom denne tilskotsordninga kan fylkeskommunen vere med på å få fram nye idear, skape synergi og nye løysingar for berekraftig verdiskaping.

Det seier Oddmund Klakegg, leiar for hovudutval for næring. Søknadsfristen er 19. juni, og ordninga er retta mot kommunar, næringsaktørar, kunnskapsmiljø og andre utviklingsaktørar i Vestland.

Dette er ikkje ei ordning der bedrifter kan søke aleine, og Klakegg seier dette skal vere med på å gjere Vestland til det leiande verdiskapingsfylket.

– Vi prioriterer utviklingsprosjekt som kan bidra til verdiskaping i Vestland gjennom berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon.

Grøn næringsutvikling

Fylkeskommunen seier prosjekt som handlar om sirkulærøkonomi, energi, auka eksport frå fastlandsnæringar og heilårsarbeidsplassar i reiselivsnæringane er spesielt etterspurde.

Ei av satsingsområda til fylkeskommunen gjennom Grøn Region Vestland ligg i dag i Høyanger, der Fundo-bygget er peika ut som ein av dei grøne hubbane i regionen. Der er nettopp slike prosjekt hovudprioritet.

I ordninga ligg fire satsingsområde, grøn næringsutvikling, areal til næringsutvikling, innovative og inkluderande samfunn, og kompetanseutvikling i næringslivet.

Fylkeskommunen skriv at mindre prosjekt som varer inntil eitt år typisk får mellom to og fem hundre tusen kroner i støtte, medan større prosjekt på inntil tre år får meir i støtte.