Luftige millionar


Rikdom gjer friaren fager.  Ein kan undre seg over at utbyggjarane på Snøheia alt no opnar lommebøkene og dreg politikarar og debattantar inn i spekulasjonar om vederlag - om utbygging på Snøheia ein gong vert gjennomført.  Luftige tal vert presenterte.  Kor mange millionar skal ein årleg få i kompensasjon?  Kor mykje vert lagt på bordet for «varen» som er til sals?  Dette syner at ei sterk kremmarånd alt no har vakna.  Dei ivrige partane ser gull-slottet glime i Soria Moria-horisonten, tek eit sjumilssteg og hoppar bukk over hindringar og motargument for nå målet i prosessen, kraft og pengar.  Lenge før ei mogeleg konsekvensutgreiing vert sett i gang og rapporten med gullskrift frå utbyggjaren sin penn ligg til vurdering på bordet.  Kan ei subjektiv konsekvensutgreiing bli sett på som ein rein formalitet og sandpåstrøing til inntekt for Eviny og Hydro sine planar?  Friaren kler seg i purpurkappe og lokkematen vert porsjonert ut med rund hand og store tal.  Kan skinnet på reven seljast alt no – lenge før han er skoten?  «Vi har ikkje råd til å seie nei», er tonen.  Nokre klagar forsiktig om at det ligg litt lite i det enno og går i forhandlingsposisjon med mål om å presse sitronen litt ekstra før ein kan gje utbyggjarane grønt lys.  Andre er i tenkeboksen. Det er tydeleg at sjansen til lotterigevinst og friaren si medgift har forførande kraft.  Den er gåva til kommunane med mange plikter og slunkne kontoar, og ei landbruksnæring som frå før av lever under dårlege kår.  Men fridommen og lukka som dette kan gje i starten, kan og medføre bakrus med mista evne til å stå på eigne bein.  Eit «ekteskap» kan vere som ei åleteine.  Mange som er komne inn vil ut att.

Det sit ofte ein rik son på ein fattig manns fang.  Og i kremmarboda vert Snøheia i stadig større grad sett på som ei ferskvare i emballasje som ligg klar i kjøledisken, klar for eigarskifte og utpakking.  Kva er prisen på ei salsvare som ikkje er deklarert med produktinformasjon, garantivilkår, innhald, bruksrettleiing, produksjonsår, haldbarheitsdato, “best før”- informasjon og med angre- og returrett?  Det er viktig å hugse på at Snøheia, utan skadelege tilsettingsstoff og med rett oppbevaring, har bortimot ei evig haldbarheit.  Og den kan såleis pregast med eit kvalitetsstempel og prising som overgår dei verdiane som utbyggingskåte selskap prøver å skvise ut av fjellfruktene med dynamittsalver og monsterturbinar.  Frå fleire hald vil etterspurnad av fjell auke i framtida.  Og dermed også verdien.  Ei rask, spontan handling med spottprising og sal av bruks- og eigedomsrett er fella som no truar etterslekta.  Eit slikt kortsiktig vedtak for å hive seg på energispiralen og uvørden forvaltning av vår felles natur er lite framtidsretta.  Teknokratar hevdar at om nokre få år vert fleire former ny teknologi for energiutvinning tilgjengeleg, og våre behov kan bli endra.  Planlagt forbruk, sal og omdanning av Snøheia til industriføremål no vil kunne spolere verdien som området med «evig haldbarheit» får i framtida.  Ein verdi av svimlande dimensjon som endåtil er fastlagt før børsspekulantar står i døra.  Snøheia tenar oss godt som utøvingsområde for allemannsretten, slik den ligg urørt og innbydande i dag.  Det er ein enorm verdi å kunne leve i pakt med naturen og fjella.  Ein verdi som fremjar velvære og folkehelse og som overgår dei luftige millionane som friaren strør rundt seg og som delvis bles bort i vinden til profittørarar i utanlandske skatteparadis.  Snøheia treng ikkje klargjerast for prissetting og sal. Vindkrafteventyret på Snøheia er eit luftslott.

Per Ståle Grytås