I ein artikkel publisert 15. mars i Sogn Avis og Firda vert det kjend at Mattilsynet har vedteke å avlive 140 kystgeiter i Høyanger, sjølv om arten er utryddingstrua og har mykje å seie for kulturlandskapet i området. Denne avgjerda har skapt stor uro og bekymring hos miljøforkjemparar og fagpersonar, og vi i Miljøpartiet Dei Grøne ønskjer derfor å rette søkjelyset mot alternativa som finst.
Mattilsynet grunngir vedtaket sitt med innavlsproblematikk, påkøyringar og sjukdom blant enkeltdyr i bestanden. Sjølv om vi forstår bekymringane knytt til dette, meiner vi at avliving av heile kystgeitestammen i Høyanger vil vera ei drastisk og uakseptabel løysing som vil true overlevinga til arten ytterlegare. Nina Svartedal, fagleiar i Norsk genressurssenter, meiner at den einaste måten kystgeitene på Kvist får overleve er at dei vert temma og øyremerka. Dette må gjerast av nokon i nærområdet, i samråd med eigar og Mattilsynet. Svartedal sjølv meiner at flokken er husdyrgenetisk interessant og at det klart beste hadde vore å prøve å bevare han. Vi bør også sjå på moglegheita for å styrke bestanden med nytt genmateriale og eventuelt støtte etableringa av nye kystgeitbestandar i andre område, slik at arten kan halde fram med å bidra til biologisk mangfald. Her kan Kystgeitlaget vere ein uvurderleg ressurs.Det er vårt ansvar å verne og bevare artar som kystgeita i Høyanger på ansvarlege måtar, ikkje berre for deira eiga skuld, men også for å sikre eit rikt og mangfaldig landskap for kommande generasjonar. Dette bør også vere av interesse for Fylkesmannen i Vestland med tanke på geitenes påverknad på Kvist naturreservat. Utan geitene vil området gro til, og det bevaringsverdige kan forsvinne. I snart 100 år har kystgeitene vore ein integrert del av kulturlandskapet og naturlivet i Høyanger. Ved å sikre overlevinga deira, styrkar vi sambandet mellom fortid, notid og framtid, og held oppe ein levande og autentisk kulturarv for etterkommarane våre.
Vi i Miljøpartiet Dei Grøne er sterkt imot avlivinga av kystgeitestammen på Kvist, og vi oppmodar Mattilsynet til å tenkje grundig gjennom alternative løysingar og lytte til fagpersonar, lokale bønder og miljøforkjemparar. Vi må arbeide saman for ei berekraftig og levande framtid der både menneske og dyr kan trivast og eksistere side om side. Det gjeld også for kystgeitene.