YS UNG

Kyrkja i Høyanger kommune forventar pågang knytt til krigssituasjonen i Ukraina.

" />
YS UNG

Kyrkja med fokus på Ukraina

YS UNG

Kyrkja i Høyanger kommune forventar pågang knytt til krigssituasjonen i Ukraina.


Nellie Hauge Mjånes
Thea Unneland Haufe-Flatøy
 

Bjørnar Otterstein er kyrkjeverje og ansvarleg for alle kyrkjene og gravplassane i Høyanger kommune. Han fortel at dei så langt ikkje har møtt mange som har søkt kyrkja grunna krigen i Ukraina.

– Det er litt for tidleg å sei at vi fått ein ekstra pågang knytt til denne situasjonen, men eg kan sei at det garantert vil komme. Det har allereie vore ei felles gudsteneste for Ukraina på TV, så kyrkja i Noreg har alt sett fokus på dette.

Ein viktig bodskap i bibelen er i følgje Otterstein å gi trøyst og håp.

– Er det mange som vil snakke, eller som er redde?

– Det er mange som er bekymra. I slike situasjonar kan kyrkja spele ei viktig rolle då vi kan forstå og gi trøyst i ei vanskeleg og usikker tid. Vi har og eit tilbod om opa kykje no som det kan vere greit å vere klar over, om ein ønskjer å besøkje kyrkja utanfor gudstenestene.

Krigen i Ukraina går også inn på Otterstein personleg.

– Eg synst det er grusomt og forferdeleg at folk rømmer og må flykte frå heimane sine.

Under headeren «YS UNG» publiserer Ytre Sogn stoff av ungdom, for ungdom. Vi oppfordrar unge i Høyanger, Hyllestad og nordlige delar av Gulen om å ta kontakt med oss om dei ønskjer å produsere innhald til avisa. Dette kan vere ordinære artiklar, faste spalter, videoinnslag, kommentarar, fotoseriar, eller heilt andre ting. I «YS UNG» er det ungdomane sjølv som bestemmer!