Kvernsteinsprisen til Aud Berge

Skrevet av
17.12.2020 15:54 - OPPDATERT 17.12.2020 17:54

Aud Berge er tildelt Kvernsteinsprisen for 2020.

- Aud er aktivitør på Hyllestad omsorgssenter, men ho gjer meir enn tittelen skulle tilseie, sa ordførar Kjell Eide då ho vart tildelt prisen under julemøtet til kommunestyret på Hotel Sognefjord no i ettermiddag.

På omsorgssenteret sysselsett ho dei som greier å gjere handarbeid.

- Tinga som vert laga - det vere seg strikking, trearbeid, veving eller anna - vert lagt ut for sal eller vert samla til julemsse. Kreativteten brukar ho på å få inn pengar til «huset», sa ordføraren og brukte ord som skildra ho som
entusiastisk, kreativ og oppfinnsom om ho.

- Ho er ein problemløysar, og alltid parat til å hjelpe, rose og oppmuntre dei eldre, står det å lese i grunngjevinga.

Ho pyntar rundt om i huset til jul, fastelavn, påske og ikkje minst 17.mai, og gjerne med blomster som passar til årstidene. Mykje plukker ho frå eigen hage.

Ho arrangerer også konsertar, både klassiske og moderne, og det har også vore besøk av Cirkus Agora.

- Fleire gonger i året kjem det«heile klesbutikkar», så bøbuarane treng ikkje å reise langt for å bli «nye». Som de forstår er Aud ein flink organisator.

Ho har og vore pådrivar for å få opp hønsehus på Eiklund, og det vart gjort på dugnad. Kvar vår kallar ho inn til dugnad for å rydde og stelle uteplassen,.

[annonse]
- Dei som kjem med servicebilen føler seg alltid velkomne. Aud ser den enkelte og har eit venleg ord til alle. Dette er med på å skape eit hyggjeleg miljø. Dei eldre føler seg trygge på at ho ser dei og behova deira.

- Aud har eit overblikk til ei kvar tid! sa Eide før han overrekte ho prisen, saman med leiar i Kvernsteinsnemnda Jan Arvid Støyva.