Kvar skal du bu Ragnhild?


Eg er mamma til Ragnhild 12 år med funksjonsnedsettelse. I kommunestyre før jul 2023 opplevde eg det eg direkte oppfattar som ei nedprioritering av bustader til menneske med nedsett funksjonsevne.   
  

Ikkje berre nedprioriterer politikarane Ragnhild og andre som treng bustader. Dei nedprioriterer og fagpersonar som i åresvis har bede om at politikarane forstår behovet for ei god, samla, fagleg teneste. I kvardagen deira er det stadig vanskelegare å rekruttere og ikkje minst halde på personal. Dei nedprioriterer og foreldre, pårørande og andre rundt som igjen skal tore å gå på og stole på at denne gongen, denne gongen skal det skje noko. Det er ganske frustrerande å vere vitne til.    
   
Det er ikkje rett fram kvar Ragnhild skal bu. Vil ikkje pårørande, verge eller personen med funksjonsnedsetting bu på tomta ein finn passande, så byggjer ein ikkje bustaden. Vert det ikkje skrive intensjonsavtalar med personen, så vert det ikkje bustader. Det er ikkje ein sjukeheim, barnehage eller eit anna kommunalt bygg som skal byggjast. Det er ein bustad, ein heim, ein trygg base. Der ein har dei bileta på veggen ein likar, teppe om ein vil det, kaktus om ein ønskjer og ei sjølvstendig vurdering av om varmekablane på badet skal vere på eller av.  Det er min unge sin framtidige heim vi snakkar om. 
   
Eg er brukarrepresentant i prosjektgruppa som jobbar med å finne tomt til bustadane. Om vi må sjå vekk frå dei tomtene som allereie er vegd og funne for lette, vert det eit puslespel eg finn vanskeleg å få til å gå opp. Høyanger har ikkje mange gode tomter som ligg sentrumsnært og hensiktsmessig til. Ein bør absolutt gjere ei vurdering av å bygge alt på eit plan. Leve heile livet reforma krev eigentleg det av oss alle. Å gjere oss i stand for alderdommen og å tenkje langtidsperspektiv.  
  
For eigen del er eg sikker på at vi klarar å halde ut nokon runder til i høve tomteval. Ragnhild skal ikkje flytte før om nokon år og vi har god kunnskap til det å svelje kamelar og å gå på att.   
   
Arbeidet vårt som pårørande er heile tida å engasjere oss og seie ifrå. Det er å bistå våre nære med den stemma dei ikkje har eller ikkje kan bruke. På same tid må vi som pårørande og ha overskot og moglegheit til å leve det livet andre i større grad har moglegheit til å leve. Det å kunne vere i fullt arbeid, følgje opp to andre borna med lekser, organisering og fritidsaktiviteter tek tid. I tillegg må vi alltid sikre eit 12 år gamalt barn 1:1 dekning. Fordi ho aldri kan vere åleine.   
   
Så vi må balansere kor engasjert vi skal vere, kor synlege vi skal vere, kor påkopla vi skal vere. For det kan koste ganske mykje å meine noko. Denne saka om eg kan kalle det det, er ikkje ei objektiv sak. Denne saka gjeld å meine og også forsvare at ditt born skal få lov og moglegheit til å bu der ho fortener å bu, ønskjer å bu. Der ho vil trivast best, utfrå den kompetansen vi har som kjenner ho best.    
   
Det er eit forsvar som skulle vore heilt unødvendig. For i utgangspunktet kan ho bestemme kor ho skal bu. Vi kan bestemme det heilt uavhengig av kva kommunestyre kjem fram til. Vi kan kjøpe eit husvære i Høyanger kommune med støtte frå husbanken sjølve om vi ønskjer det. Så det tilbodet som til slutt vert gjeldande som aktuell tomt, må faktisk vere såpass godt at det vert valt av dei som skal bu der og deira pårørande.   
  
Eg etterlyser politikarar som forstår kompleksiteten i saka, som forstår dei langvarige kostnadane for kommunen om dei ikkje tek grep no for å byggje bustader som menneske vil bu i. Som ser at kompetansearbeidsplassar – for det finnast også i denne bransjen – er viktige og som sikrar at innbyggjarar også i framtida ønskjer å bu i kommunen. 

Monica Sæle
Først og fremst mamma