Før 2030 treng Hydro Høyanger meir kraft, til ein pris industrien kan leve med. Vi må snu alle steinar. Difor er det viktig at Høyanger kommune i haust legg til rette for å få alle fakta på bordet, og opnar for ei konsekvensutgreiing av Snøheia Industrikraft.
Sidan 2020 har Hydro investert nesten 1 milliard kroner i Høyanger. Resirkuleringsanlegget er opna, og no byggjer vi ein pilot for grønt hydrogen. Høyanger kan bil verdsleiande i produksjon av aluminium med lågt karboninnhald. Det bidreg til å trygge arbeidsplassar og Høyanger som industrisamfunn. Men det er ein avgjerande føresetnad for å drive aluminiumsproduksjon i Høyanger: At det finst nok kraft tilgjengeleg til prisar som er konkurransedyktige. Kraftprisane har auka kraftig dei siste åra, og det er stor uvisse om kva kraftprisar vi får i åra som kjem. NVE varsla i fjor at kraftprisane vil kunne auke til nivå som er langt høgre enn kva industrien kan leve med. Vi veit at det er mange meiningar om vindkraft i Høyanger, og vil difor gjerne i dette innlegget fortelje kvifor vi fremjar planinitiativ. I 2030 går ei rekkje av Hydros langsiktige kraftkontraktar ut. Hydro er avhengige av å kunne erstatte dei kontraktene, med langsiktige kraftavtalar til ein pris industrien kan overleva på. Problemet er ikkje at vi «manglar» kraft i Noreg, eller Norden, men at krafta er i ferd med å få ein pris som gjer det vanskeleg å utvikle og driva industri. I Europa har halvparten av aluminiumsindustrien stengt ned sidan oktober 2021. Forskjellen mellom aluminiumsverka som er stengde i Europa og Hydro i Noreg, er at vi har vore sikra gjennom lange kraftkontraktar. No er den sikringa i ferd med å gå ut på dato. Kraftsituasjonen er den viktigaste utfordringa for Hydro, og for Høyanger som industrisamfunn. Nok kraft til konkurransedyktige prisar er føresetnaden for at me kan vidareføra aluminiumsproduksjon i Høyanger. Krafta utgjer ein tredjedel av kostnaden ved å produsera aluminium, og er den einaste av dei store produksjonskostnadane vi kan påverka i Noreg. Vi kan ikkje styra aluminiumsmarknaden, eller prisen på råvarer og innsatsfaktorar. Men i Noreg og i Høyanger kan samfunnet og dei folkevalde bestemme om industrien får tilgang til krafta som trengst for å produsere. Dei siste åra har vindkraft spela ei stadig viktigare rolle for norsk industri og Hydro. 25 % av krafta Hydro brukar i dag er kjøpt frå vindkraftverk. Det er fordi vindkrafta er den klart rimelegaste kraftforma, og fordi vindkraft og vasskraft spelar godt saman. Når det bles, kan Noreg spare vatn i magasina til kalde og vindstille dagar. Hydro har gått saman med to offentleg eigde kraftselskap, Eviny og Zephyr, for å utvikle Snøheia Industrikraft. Føremålet er å bygge ut 1 TWh fornybar vindkraft, om lag det same som kraftforbruket ved Hydro Høyanger i dag. Storparten av krafta skal koplast til industrien gjennom ein langsiktig kraftavtale med Hydro. Samstundes skal kraft gjerast tilgjengeleg for annan industri i Høyanger og Sunnfjord. Det er dilemma ved å utvikla fornybar kraft. Både sol, vatn og vindkraft legg beslag på areal og fører til inngrep i naturen. Sjølv om det er eksisterande vasskraftverk og nett i og rundt området der Snøheia Industrikraft er planlagt, vil eit nytt kraftverk føre til synlege naturinngrep. Hydro og våre partnarar er forplikta til å redusere inngrepa til eit minimum, og til å gjennomføra prosjektet med netto null tap av natur. Likevel er det ikkje til å koma forbi: Å byggje kraft har også negative følgjer for naturen og folk som brukar den. Hydro kan ikkje seie at industrien og arbeidsplassane i Høyanger er viktigare enn andre omsyn. Men med så mange arbeidsplassar som er avhengige av kraft til konkurransedyktige prisar, meiner vi det er avgjerande at kommunen gjer sine vurderingar av Snøheia Industrikraft basert på grundige, faglege analysar av fordelane og ulempene ved å byggja kraft i Snøheia. Det kan berre skje om det vert gjennomført ei konsekvensutgreiing som både får fram fordelane og ulempene ved prosjektet. Med fakta på bordet kan kommunestyra gjera ei reell vurdering av om fordelane oppveg ulempene, eller ikkje.Leiar for Hydro si aluminiumsverksemd i Norge