Kommunale tenester/tilbod, desentralisert struktur og betre arbeidsmiljø må sikrast!


Tenesteområda Oppvekst og Helse/omsorg i Høyanger blir i kommunedirektøren si budsjett-tilråding kravd innsparingar på 4 og 2 millionar kroner. Slikt skjer i ein kommune som slett ikkje er blant dei med strammast økonomi. Situasjonen er nok verre i mange andre kommunar i Sogn og Fjordane.

Kommunesektoren sin interesseorganisasjon, KS, har sagt tydeleg frå til Stortinget sin finanskomité. Kommunane sine rekneskap kjem til å vise 15 milliardar kroner mindre i  økonomiske tilbakeføringar frå staten enn det som trengst for å dekke behov. 

Dersom ein fordeler milliardane berre etter folketal vil dette tilseie at Høyanger manglar 12 millionar kroner. Det hadde kome godt med!  Då kunne ein unngå usosiale kutt innafor oppvekst, helse/omsorg og kultur.  Ein kunne til og med auka grunnbemanninga for å redusere belastninga på dei som arbeider i helse/omsorg og dermed redusert sjukefråværet som no nærmar seg 10 %.  Ein kunne gjort endringar i tråd med Utdanningsforbundet sine krav når det gjeld bemannings-/pedagognorm i barnehagane. 

Det er sjølvsagt positivt at staten no har løyvd 5 milliardar kroner ekstra, og av dette 3 millionar kroner til Høyanger kommune, men her er framleis eit stort gap mellom behov og dekning (kommunedirektøren tilrår innsparingar på 10 millionar). 

Og; Høyanger misser eit distriktstilskot som var på 6,5 millionar kroner i 2024. Det gjer det endå vanskelegare å oppretthalde desentraliserte tenester som er heilt nødvendig for levande bygdesamfunn.

Det er aukande sjukefråvær og vikarbyråbruk i kommunane. Det viktigaste tiltaket for å redusere sjukefråværet er å betre grunnbemanninga. Det trengst heving av lønn, auke i grunnbemanning og større verdsetjing av arbeidet.

Neste år er det stortingsval. Raudt er redd for at dette kan ende med ei regjering av Høgre og det som endå verre er. Framstegspartiet sin frammarsj er urovekkande. Det berre ei større endring som kan hindre dette. AP og SP må over til ein politikk som skil seg radikalt frå det regjeringsalternativet som er verre. Alternativet til Høgre og FrP er ein politikk som reduserer dei aukande klasseforskjellane, som bremsar sentraliseringa og som gir kommunane økonomiske tilbakeføringar som styrkar offentlege velferdstenester og tilbod, og ikkje minst sikrar den bemanninga som er nødvendig.

Einar Rysjedal
Leiar i Raudt Høyanger