Førre veke vart den første karrieremessa i Hyllestad arrangert i Hyllestadhallen.

Karrieremesse i Hyllestad: –⁠ Lokal ungdom er det beste ein kan få

Då Hyllestad kommune inviterte til den første karrieremessa i kommunen stod bedriftene klare. VR-briller, elektriske trommesett og lastebilsimulator var berre noko av det som skal gje ungdommen betre kjennskap til det lokale næringslivet.


– Vi har hatt god hjelp til det tekniske, med elles har mykje av dette gått av seg sjølv.

Det seier dagleg leiar i Akvahub, Trygve Halberg, til Ytre Sogn, omgitt av skuleelevar som kan gå frå stand til stand i Hyllestadhallen. Standane er det mange av, og det eine er meir spanande enn den neste.

Det er Hyllestad kommune som står bak arrangementet som Aquahub har fått i oppdrag å gjennomføre reint praktisk, og det er tydeleg at både dei store nasjonale bedriftene som opererer i Hyllestad, og også dei lokale bedriftene, er klare når det blir invitert til karrieremesse.

Det er VR-briller, simulatorar, og skjermar av ymse slag over alt, og ei bedrift hadde også med seg ein robotarm.

Den er programmert til å plukke drops frå ei skål, og det var den lokale bedrifta YS Elektro som hadde med seg robotarmen. Dei er i aller høgste grad ei lokal bedrift, og er ei av fleire som kom i kjølevatnet av nedbemanninga på Havyard for nokre år tilbake.

Christian Vik og Tryge Halberg frå Aquahub har fått i oppdrag av kommunen å gjennomføre messa, og fortel at mykje har gått av seg sjølv.
Lokal ungdom er best

YS Elektro har sitt utspring frå elektromiljøet som var på Havyard, og i 2022 omsette selskapet for over 32 millionar kroner. Det var nesten ei dobling av omsettinga frå 2021 som var på 17,4 millionar, men skal ein halde fram med å vekse så treng ein også fleire tilsette.

På standen finn vi Eirik Mjømnen og Elisabeth Aven Langeland, og dei trur det er ein del som har endra seg sidan dei tok si utdanning.

– Mange i dag har nok eit ønske om kva dei vil bli når dei er ferdig utdanna, og ungdommen i dag er nok betre førebudd på utdanningsløpet sitt. Men det har nok ei påverkingskraft når så mange stiller opp på denne messa og syner kva som finst av bedrifter lokalt, seier Mjømnen til Ytre Sogn.

Dei meiner at nettopp slike messer som dei er med på i Hyllestadhallen denne torsdagen er noko som kan vere med på å bidra til at dei lokale bedriftene kan sikre seg den arbeidskrafta dei treng i framtida. 

– Vi er alltid interessert i å utvikle oss, og då treng vi folk. Og lokal ungdom er det beste ein kan få.

YS Elektro er ei bedrift av nyare dato i Hyllestad kommune, men dei har allereie ei omsetting på over 32 millionar. Dei vil framleis utvikle seg som bedrift, og då er lokal ungdom det beste dei kan få som nye tilsette, fortel dei.
Gode opplegg

Messa i Hyllestad var denne gongen berre for skuleelevar på skulen i kommunen, men Halberg seier at det nok er rom for å invitere fleire neste gong.

– Vi har berre invitert elevar frå Hyllestad denne gongen, men vi ser jo at det er moglegheiter for å invitere ungdommar frå områda rundt også. 

Også han meiner at denne type messer er viktige for å halde på ungdommen både i og etter eit utdanningsløp, og han er veldig godt nøgd med kor mange bedrifter som meldte seg på og kor gode opplegg dei hadde tatt med seg til messa.

– Det er viktig å kjenne til moglegheitene som finst i næringa i kommunen, og å sjå korleis kommunen er konstruert, seier Halberg.

 Praktiske framsyningar var det fleire av denne dagen. Denne robotarmen tilhøyrer YS Elektro og var for høvet programmert til å plukke drops frå ei skål.
Kry over næringslivet
Å sette moglege utdanningar i samanheng med kva bedrifter og jobbar, og ikkje minst kva behov, som finst i nærmiljøet er noko alle dei involverte denne dagen meiner er ein av nøklane for framtida.

Ordførar i Hyllestad, Kjell Eide, har vore ein av dei som har jobba for at messa skal bli ein realitet, og han fortalde forsamlinga at næringslivet i kommunen er noko å vere kry over.

– Eg har tatt runden her i dag og det er veldig, veldig mykje flott å både sjå og høyre. Vi har eit næringsliv her i utkanten som eg er kry av. Dere er unge framleis, og det er ikkje lett å vite kva ein skal bli, sa Eide.

Og det er nok ikkje lett å vite kva ein skal velje av alle dei moglege alternativa ein har når ein skal vidare frå tiande klasse, men Eide understreka at næringslivet i Hyllestad står klare til å ta dei i mot.

– Vi har eit næringsliv som skrik etter folk, og som vil ha dere alle som ein om dei kan. Mi oppfordring er å finne utdanningar som gjer til at dere kan jobbe med noko i det lokale næringslivet.

Trommesettet som kulturskulen hadde med seg får stå i fred akkurat medan Ole-Ivar Åm Sognnes frå Indrefjord gard held eit foredrag for elevane frå Hyllestad skule.
Hest eller ikkje hest

Ein som i aller høgste grad er ein del av det lokale næringslivet er Indrefjord gard, og dagleg leiar Ole-Ivar Åm Sognnes var til stades på messa for å fortelje om sin veg til den jobben han har i dag.

Eller ein burde kanskje sei «jobbane» i fleirtal, for nøkkelen til suksess for han har vore å ha fleire bein å stå på som bedrift.

Garden har vunne både Kvernsteinsprisen i 2022 og Bedriftsutviklingsprisen i 2023, og Åm Sognnes fortalde at det ikkje var gitt at han skulle drive med alle dei tinga han driv med i dag.

– Som dere lurte også eg på kva eg skulle bli, sa Åm Sognnes, og fortalde at han enda opp på landbruksskulen i Trondheim.

For han var det å flytte vekk det rette valet, men ein ting var han i alle fall sikker på den gongen, og det var at han ikkje skulle drive med hest.

I dag driv han med anna med hest.

– Vi gjer veldig mykje forskjellig, men det er nettopp det som gjer at det går så bra.

Det var mykje å ta seg til denne dagen, og ein kunne med anna få prøve seg som billakkerar i ei digital VR-verd.
Skape sin eigen marknad

Hovuddrifta til Indrefjord Gard er nettopp gardsdrift, men dei har også bygdeservice og konsepta «Hest i næring» og «Inn på tunet». I tillegg er Åm Sognnes og kona Ina Nordahl Sognnes, som han driv garden saman med, opptekne av skulelevane i Hyllestad, og då spesielt dei som kanskje ikkje synest skule er kjekkast i eit klasserom.

– I alle åra som næringsdrivande har eg halde døra på gløtt for elevar som treng ei litt anna type undervising.

Og til dei framtidige næringsdrivande på messa hadde Åm Sognnes eit godt råd.

– Om alle gjer på det same så går det ikkje. Det er ein ting eg har lært etter alle desse åra, og det er at ein må skape sin eigen marknad.

Å prøve seg som lastebilsjåfør var også noko som var veldig populært.