Det var to slitne men glade kunstlagsdamer som tok imot Ytre Sogn i Gunnar S. Galleriet fredag føremiddag. Leiar i Høyanger Kunstlag, Reidun Haugnes (t.v), og styremedlem Kristine Timberlid fortel at det har vorte nokre lange og seine kveldar med hardt arbeid for å komme i mål med utstillinga, men det har og vore veldig gøy og spennande å få jobbe med dette prosjektet.

Industrien og kunsten hand i hand

Skrive av Kjartan Gunnarskog
13.09.2022 10:41

Laurdag 17. september er det opning av haustutstillinga til Høyanger Kunstlag, ei utstilling som har fått namnet «Industrien og kunsten». Utstillinga vil innehalde ulike verk og skulpturar inspirert av og knytt til industrien og aluminiumsymposia.

– Høyanger har ei lang og stolt kunsthistorie som har gått hand i hand med industrien i bygda. I denne utstillinga vil ein få eit innblikk i korleis kunstnarar og kunsten har blitt påverka av industrien og korleis dette kjem til uttrykk i form av kunst frå ulike kunststilar og tidsepokar i Høyanger, fortel leiar i Høyanger Kunstlag, Reidun Haugnes. 

Abonner på Ytre Sogn for å få tilgang til heile saka, og mykje meir!

plussText