Fylkesordførar Jon Askeland (t.v) og avdelingsleiar Eirik Brekke i Innovasjon Norge Vestland flankerer her prisvinnarane Ina Nordahl Sognnes og Ole-Ivar Åm Sognnes og barna deira Ingeborg og Marie. (Foto: Innovasjon Norge)

Indrefjord Gard vart tildelt regional BU-pris

Evna til å tenke utanfor boksen og sjå nye moglegheiter for økonomisk gevinst vart vinnaroppskrifta for Indrefjord Gard. Torsdag vart dei tildelt Innovasjon Norge Vestland sin BU-pris for 2023.


På Indrefjord Gard hos Ina Nordahl Sognnes og Ole-Ivar Åm Sognnes får ungdom med utfordringar og ekstra behov nye moglegheiter, og til og med jobb.

– Regionsvinnaren av BU-prisen i Vestland viser kva det er mogleg å få til om eit gardbrukar-par arbeider målretta for å utvikle garden, tørr å satse, og bygger stein på stein. Med utgangspunkt i eit middels stort Vestlands-bruk i Hyllestad og eit breitt interessefelt har dei skapt 4–5 arbeidsplassar innan mjølkeproduksjon, bygdeservice, Hest i næring og Inn på tunet-tenester, seier Rolf Sørland, konstituert regiondirektør i Innovasjon Norge Vestland.

Gir motivasjon til vidare innsats
Ina og Ole-Ivar er glade for no å kunne kalle seg BU-prisvinnar.

– Prisen gir eit klapp på skuldra og også vilje til å satse vidare. Dessutan viser prisen at landbruksdrift og tilleggsnæringar i sum kan gje mange arbeidsplassar, og vi er takknemlege og glade for at vi vart nominert og får tildelt prisen. For oss gjev dette inspirasjon og motivasjon for å fortsette arbeidet med å utvikle garden inn i framtida, seier Ole-Ivar, som legg til at BU-prisen er med på å synleggjere ulike driftsformer og tilleggsnæring i landbruket. 

Lausdrift, mangesysleri og samhald
Regionvinnaren av Bedriftsutviklingsprisen i Vestland viser kva som er mogleg å få til om eit gardsbruk-ektepar arbeidar målretta med utvikling av garden og bygger stein på stein. I 2016 tok dei steget og starta bygginga av eitt av dei minste lausdriftsfjøsa i Vestland på den tida. Driftsbygget stod klart i 2019 etter ein formidabel eigeninnsats. Der har dei no om lag 25 mjølkekyr og 75 storfe totalt. Dei har ei mjølkekvote på 210 tonn og leverer om lag 10 tonn storfekjøtt kvart år.

Innan bygdeservice tilbyr dei ulike oppdrag innan park, hage, landbruk og anleggsarbeid til private og offentlege kundar. Om oppgåva eignar seg best for hest, kan dei tilby teneste der også. 

Hestar står sentralt i fleire delar av drifta på Indrefjord Gard. (Foto: Indrefjord Gard)

Store planar for framtida
Det neste byggeprosjektet er no i startfase i form av eit tilbygg til driftsbygg som skal betre fasilitetane for Inn på tunet-tenestene og hestane deira. Med to born, begge ektefellane aktive i drifta, og mange tenester som skal leverast, er det ein hektisk kvardag på garden.

–  Vi har stort sett hatt 1-2 tilsette på heiltid, i tillegg til ekstrahjelp og avløysarar. Alle involverte står på i tøffe periodar, enten det er onnearbeid eller byggeprosjekt. I den daglege drifta har vi fokus på rutinar og utføring av dei ulike oppgåvene, seier Ole-Ivar.

Prisvinnaren meiner Innovasjon Noreg har vore viktige for å få til det dei har gjort.

– Innovasjon Noreg har vore ein aktiv støttespelar i to omgangar for bruksutbygging og bidrege til å realisere planane her på garden, slik at vi har fått realisert nytt driftsbygg til mjølkeproduksjon, og er i gang med eit nytt prosjekt til Inn på tunet og hestane. Felles for begge prosjekta er høg eigeninnsats, støtte frå Innovasjon Noreg og finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane. Støtta frå Innovasjon Noreg var eit vesentleg bidrag for at vi kan gjennomføre prosjekta, avsluttar han.

Bedriftsutviklingsprisen i landbruket

Innovasjon Norge deler kvart år ut prisen Bedriftsutviklingsprisen (Bu-prisen) i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Bu-prisen er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i ressursane i landbruket eller i bygda. 

Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner og dei fylkesvise vinnarane deltek så i den nasjonale konkurransen om 250 000 kroner.