IL Høyang inviterer til tradisjonell jule­gate­opning, med litt nytenking

Om ikkje mange dagane kan ein sjå den svære, grøna grana stå midt i Høyanger sentrum. Jula nærmar seg, og i år har IL Høyang fått ansvaret for å markere inngangen til adventstida.


25. november vil det tradisjonen tru bli laga til julegateopning i sentrum av Høyanger. For første gong skal IL Høyang stå for arrangementet som markerer starten på førjulstida i tettstaden.

– Då IL Høyang vart spurt om å arrangere julegateopninga var vi sjølvsagt positive til det og sa ja. Oppgåva gjekk vidare til fotballaget for jentene i alderen 13-14 år som skal få ein del av inntekta. Dei vil bruke pengane på å kome seg til Norway Cup neste sommar, fortel Katrine Tonning og Oda Vadheim frå IL-Høyang.

Oda Vadheim (t.v.) og Katrine Tonning er klare for å lage til årets julegateopning. Dette er første gong IL-Høyang har fått ansvaret for å organisere den tradisjonsrike dagen.

Tenkjer nytt 
Julegateopninga i Høyanger har nokre faste punkt på programmet, som til dømes besøk av nissen, tenning av grana, lokal korpsmusikk, og god stemning blant dei frammøtte. Dette får ein sjølvsagt i år også, men dei to damene fortel at å tenke litt nytt har vore viktig under planlegginga av dagen.

– Vi har lyst til at julegateopninga skal vere tradisjonell og som før, med med ein del nye element som skal vere med på å gjere dagen til ein med noko for alle. Noko som er nytt er til dømes bygginga av Høyanger sin heilt eigen peparkakeby, arrangering av konkurransar med premieutdeling, ei postkasse som ein kan legge ønskelistene sine i, og mykje meir spanande, fortel dei to damene.

Tanken om peparkakeby er noko Oda Vadheim har fundert over tidlegare, og når sjansen no bydde seg må draumen sjølvsagt bli realisert.

– Eg har leika med tanken om at ein peparkakeby kan vere morosamt å sjå i Høyanger, og når vi no har moglegheita til å lage den må vi sjølvsagt prøve. Vi håpar at befolkninga, både enkeltpersonar, og lag og organisasjonar, vil vere med å bake og stille ut i landsbyen som ein kan sjå frå eit av vindauga i samfunnshuset. Vi vil dele ut premie for det mest kreative innslaget, og håpar at det kjem mange «Høyanger-inspirerte» innslag. Peparkakebyen vil bli ståande til ut i romjula, og vi håpar den blir med på å spreie juleglede og stemning i bygda, fortel ho.

Mogleg å stå på stand
I år er det og mogleg å få kjøpt seg plass til å stå på stand i sentrum. Her kan ein få sikra seg årets julegåver som til dømes Høyanger-koppen og handlenett frå 8.- og 9. klasse ved Høyanger skule, eller kjeks og tennbrikettar frå fotballaget gutar 15/16.

– Det blir mange flotte stands å ta turen innom i løpet av dagen. Om nokon har lyst å ha ein eigen stand er det berre å ta kontakt fram til 24. november. Elles blir det kafé med kaker, sveler, kaffi, saft, brus, kakao og gløgg. Alt i alt blir det mykje som skjer som gjer det verdt å ta turen til sentrum.

Ein får sjølvsagt og møte nissen som har med godteri, og det blir og mogleg å få ta eit fint julebilde med nissfar. Med på laget har IL Høyang fleire gode støttespelarar som hjelper på ulike måtar for å skape ein triveleg dag.

– Vi har vore så heldige at Hydro sponsar gratis kino for dei yngste klokka 14. Då vil filmen «Teddybjørns jul» bli vist. Vi er også glade for at kommunen stiller opp med kinoframsyning seinare på dagen av den norskproduserte horrorkomedien «There's something in the barn», og har sett av plass i samfunnshuset til peparkakebyen. Vi har også fått god hjelp frå handelsstanden med til dømes godteri til snopeposane som nissen delar ut.