– Det vil nok gå litt meir tid før vi kan gå ut med så mykje meir, seier Flage til Ytre Sogn.
Han fortel at dei i anbodet legg 60 prosent vekt på pris, medan det resterande går på kvalitet. – Ser du føre deg å lande på ein god stad, sett med kommunen sine auge? – Eg er alltid optimistisk, seier kommunedirektøren og ler. Han var nok også litt optimistisk då han håpa på at arbeidet skulle gå i gong allereie no til hausten, men seier det er mykje som skal gå gale for at byggestart ikkje skjer i 2024. – Skuleprosjektet er i ein eigen klasse når det kjem til kva som er viktig å prioritert i kommunen akkurat no. Eg hadde nyleg nokre skuleelevar på besøk som spurde kva dei tre viktigaste prosjekta i kommunen er akkurat no, og eg svarte «skuleprosjektet, skuleprosjektet og skuleprosjektet». Og dette er sjølvsagt noko både elevane dei tilsette, og alle i kommunen er opptekne av for tida.