Hydrogendebatten held fram: –⁠ Eit svært omfattande energitap


Det er positivt at leiar for Hydro sine aluminiumsverk i Noreg, Johan Berg, i avisa Ytre Sogn 13.8. svarar på kritiske merknader frå mi side i avisa (23.7.). Open debatt gir mange fleire større innsikt om «hydrogenpiloten». Og la det vere sagt ein gong til; eg meiner det er svært viktig for både Høyanger og miljø at Hydro har lagt resirkuleringsanlegget til Høyanger.

Berg vedgår klart og tydeleg at bruk av elektrisitet til å produsere hydrogen, «inneber eit ganske stort reelt effekttap». Eg meiner ordet «ganske» er veldig upresist når det blir brukt 55 kWh elektrisitet på å framstille 1 kg hydrogen, med eit energiinnhald på berre 33 kWh (tap på heile 40 %!).

Berg avkreftar på ein lettvint måte eit ekstra behov for elektrisitet til komprimering av hydrogenet som skal lagrast i buffertank. Dette synest verken truverdig eller gjennomtenkt, og det er ikkje heilt likt Hydro å ikkje ta omsyn til ein eventualitet som dette er eksempel på.

Det er også andre litt uforståelege moment ved hydrogenpiloten – f. eks. når Berg vedgår at «Grønt hydrogen er ei mogleg løysing» (eg understrekar «mogleg»). Det er merkeleg å bruke nesten 300 millionar kroner på dette når hydrogen er handelsvare som Hydro kan få kjøpt atskilleg billegare til «pilotering» og forsøk. Eg kjenner Hydro så godt at eg trur mellomliggande pengesum kunne kome godt med til mykje anna som har blitt utsett rundt på verka.

Men det er positivt at Hydro ved andre verk «testar […] andre alternativ». Berg nemner «biogass og ny teknologi for direkte elektrifisering». Dette kan verke meir interessant enn bruk av elektrisitet til produksjon av hydrogen som også er ekstremt eksplosjonsfarleg.

Når Hydro sin test av «andre alternativ» skjer ved «andre verk», og ikkje her i Høyanger, der Hydro har etablert ei resirkuleringsbedrift, kan ein lure. Nokre hevdar at hydrogen-jippoet («Høyanger på verdskartet»!) er ein slags inngangsbillett til vindkraft-utbygging saman med Zephyr og Eviny (Snøheia-prosjektet). Hydro-leiar Eivind Kallevik sa i januar 2023 om Snøheia-prosjektet at «Vi satser på Høyanger uavhengig av denne prosessen». Det må bety at Hydro vil satse på Høyanger uavhengig av vindkraft. Kven får rett?

Men Berg er upresis når piloten blir kalla klimateknologi som gjer at det kan produserast aluminium «endå lågare, potensielt null, utslepp av CO2». Eg meiner at dersom noko av hydrogenet i det heile teke vil bli brukt til smelting av aluminiumsskrap, vil det vere rettare av Berg å skrive CO2-fri smelting/resirkulering av skrap (og ikkje produksjon av aluminium som han skriv).

Produksjonen av aluminium (elektrolyse) både i Høyanger og elles, vil gje same CO2-utsleppet som før, uavhengig av smelting av skrap. Og det er faktisk heller ikkje presist dersom mange kan oppfatte det slik at Hydro har redusert CO2-utsleppa med 55 % sidan 1990. Det har vore reduksjonen i klimautslepp; men for det aller meste gjennom nedlegging av Søderberg-hallane og CF-utsleppa derifrå.

Det er ein stor miljøvinst og konkurransefordel at aluminiumsproduksjonen skjer i Norge, der elektrisiteten-produksjonen ikkje er basert på kol, olje eller gass. Det hadde derfor gitt Hydro «ekstrapoeng» dersom Søderberg-hallane i Høyanger og Årdal hadde blitt erstatta med moderne Prebake-hallar. I staden etablerte Hydro eit gigantisk aluminiumsverk i Qatar med svære CO2-utslepp pga. av gassbasert elektrisitetsproduksjon. 

Kor klokt er det av eit selskap som Hydro, som også er energi-sertifisert etter ISO50001, å introdusere eit nytt omfattande energitap? For det blir eit svært omfattande energitap dersom ei mogleg hydrogen-løysing skal introduserast også på dei andre Hydro-verka.