Foto: Privat

Husbrann i Høyanger

Eit bustadhus i Audsgate i Høyanger vart totalskada etter ein brann i natt.


Like etter kl. 4 natt til onsdag fekk naudetatane melding om ein brann i eit hus i Audsgate i Høyanger like ved verksinngangen til Hydro Høyanger. Naudetatane kom raskt til staden, men då var huset ifølge politisjef Kristoffer Lønning ved Høyanger politistasjon alt overtent.

– Det vart starta slokkingsarbeid og også iverksett førebyggande tiltak knytt til tilstøtande bygg med tanke på spreiing. Husa ligg tett i dette området og då er det alltid ei viss fare for spreiing, men det vart ganske raskt avklart at det ikkje var nokon fare for at brannen skulle spreie seg til nærliggande bygg eller køyretøy.

Huset er ubebudd, så det vart ikkje behov for evakuering eller fare for liv i brannen. Då brannmanskapa fekk slokka brannen var huset blitt totalskada. Som følgje av brannen vart også straumen teken i heile Audsgate.

– No startar etterforskinga av brannårsaka. Vi har mange teoriar, men det er ingenting som utpeikar seg som ein klar brannårsak enno, avsluttar Lønning.

Brannmannskapet var framleis på staden og dreiv etterslokking på det totalskada huset kl. 07.30 i dag.