Torsdag, 14. september kl. 12.00 starta bussen frå busstasjonen i Høyanger.
Då vi forlot ferjekaien på Oppedal var det 36 forventningsfulle pensjonistar frå Kaupanger, Sogndal, Nessane, Høyanger, Kyrkjebø, Førde, Teigen, Norevikane, Lavik og Massnes på veg mot Bergen, der guiden vår Elisabeth Lothe Nervik venta på oss for å ta oss med på flyet til Paris. Vi ankom hotellet vårt I Maisons Laffitte, nordvest for Paris, om kvelden. Fredag 15. var det guida busstur i Paris. Vi plukka opp Evabeth som skulle vere guiden vår i Paris denne dagen. Evabeth er norsk, men har budd i Paris i 50 år, og ho losa oss vel fram til dei kjende stadane som Triumbogen, Eiffeltårnet, Louvre og Notre Dame. Etter ein stopp i Luxebourghagen gjekk turen via Champs Elysèes og til ein god lunsj på Cafè Kleber. Etter lunsj var det omlag 1 time til fri disposisjon i Paris.

På heimvegen fortalde Evabeth om Frankrike i fortid og i nåtid. Ei kunnskaprik dame som «kunne» Frankrike godt. Prisane hadde også gått mykje opp i Frankrike, og det gav mange utfordringar. Mange var nok forundra over at prisnivået i Frankrike, som var på høgde med dei norske prisane. Billigaste bensin som vi registrerte på turen var 1,99 Euro, dvs. om lag 23 kr./l. Ein halvliter øl kosta på restaurant 9 Euro, tilsvarande 103 kroner. Vel heime etter ein lang dag vart vi servert ein god middag på Restaurant Santa Monica. Vi hadde også middag på den same staden både fredag og laurdag. Måndag var igjen fridag og til eige bruk. Nokre drog inn til Paris, andre rusla rundt I Maisons, og atter andre gjekk inn til ein naboby, Sartrouville. Om kvelden hadde vi ein god middag med mykje moro og latter på Restaurant Zebra. Verten var ein artig kar, som tydeleg sette pris på besøk frå Noreg. Tysdag var det tid for heimreise, med fly via Oslo til Bergen. Her tak vi farvel med guiden vår, Elisabeth, som hadde losa oss vel fram overalt, og hadde god skikk på oss, trass ein del utfordringar med frukostane på hotellet vårt. Deretter tok bussen oss vel heim. Ein takk til alle som var med og gjorde dette til ein fin tur. Også ein takk til guiden vår Elisabeth og arrangøren Dag Aasebø Reiser Karl Magnus Gudvangen