Høyanger innmeld i Robek-registeret –⁠ tapte 31 millionar i 2022

Etter dei store tapa på Høyanger kommune si disponerte vasskraft enda Høyanger til slutt opp med eit driftsunderskot på 31 millionar kroner. No melder Statsforvaltaren i Vestland at kommunen er innmeld i Robek-registeret.


Det var mandag 28. august at Statsforvaltaren kom med meldinga om at Høyanger kommune no blir å finne i Robek-registeret.

– Høyanger kommunestyre har vedteke eit rekneskap for 2022 der balanserekneskapen til kommunekassen viser eit meirforbruk frå driftsrekneskapen på kr 31,9 mill. kroner, skriv dei på sine nettsider.

Det utgjer eit underskot på seks prosent av driftsinntektene til kommunen.

– Etter kommunelova § 28-1, bokstav d, skal kommunar der balanserekneskapen til kommunekassen viser eit oppsamla underskot frå driftsrekneskapen som er større enn tre prosent av driftsinntektene meldast inn i Robek (register for betinga godkjenning og kontroll).

Statsforvaltaren viser også til dei store tapa på sal av konsesjonskraft, men også til eit vesentleg meirforbruk i drifta av tenesteområder.

Vidare skriv dei at: «Kommunar i Robek er underlagt statleg kontroll med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtaler. Kommunar i Robek skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.»