-Løypene vi lagar til skal vere for alle, unge som eldre, seier helsefag-elevane Julie Aaland og Martine Espe ved Høyanger vidaregåande skule.
I samband med markeringa av Verdsdagen for psykisk helse er elevane i helsefag-klassen ved skulen i gang med eit prosjekt kalla psykisk helseorientering. Lærar Marita Neverdal fortel at elevane jobbar med seks orienteringsløyper som er tilpassa ulike brukargrupper og funksjonsnivå. -Tre av orienteringsløpene vil vere utandørs rundt om i Høyanger, medan tre miniløyper inne på avdelingane på sjukeheimane i Høyanger og på Kyrkjebø. Dette er for alle, både unge og eldre, og vil bli arrangert i samband med Tryggleiksveka i Høyanger neste veke. Løypene vil vere tilgjengelege frå måndag ettermiddag, seier ho til Ytre Sogn. For det blir ei annleis tryggleiksveke i Høyanger i år. Alle publikumsarrangement er nemleg avlyst grunna Covid-19. – Vi vil likevel gjennomføre den, men på ein litt annan måte, seier Kine Gunnarskog i Høyanger kommune som er ansvarleg for Tryggleiksveka, som i år er lagt til 14.-20.september.