Helse Førde går i gul beredskap

Helse Førde går i gul beredskap. Årsaka er aukande pågang av pasientar med covid-19 til intensivavdelinga.


Ved Førde sentralsjukehus er no fire covidsjuke pasientar innlagde. To av dei ligg på intensivavdelinga.

– I tillegg er sjukefråværet høgt. På nokre sengepostar har det vore i overkant av 10 prosent sjukefråvær dei siste dagane. Sjukefråværet har ført til vanskar med å dekke inn vakter for sjukepleiarar, opplyser helseføretaket i ei pressemelding. 

Det er også avgjort å ta ned talet på planlagde operasjonar. Nedtaket gjeld i første omgang ut denne veka. 

Avgjerda om å gå frå grøn til gul beredskap vart gjort av beredskapsleiinga måndag ettermiddag.​

– Gul beredskap inneber ein alvorleg situasjon som kan handterast med utvida innsats og ekstraordinære ressursar. 

Helse Førde har vore i grøn beredskap sidan 5. november.

Hva tenker du
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.