Hellbillies til Utkant’17


Festivalsjef Viggo Randal er veldig nøgd med endeleg å kunne sleppe dei første namna til årets store musikkhending på Skjerjehamn i Gulen siste helga i juli.

Dei er Hellbiliies og Sigrid Raabe.

-Med desse to namna viser vi allereie no spennet i programmet. Her er det ytterpunkta med det veldig etablerte Hellbillies til nye, spennande Sigrid Raabe, seier han.

-Sigrid tok alle med storm under sin konsert under Vill Vill Vest og er garantert ein snakkis neste sommar, seier Randal.

-Hellbillies er nok eit av dei banda vårt publikum har ønska seg lengst og det er difor veldig kjekt å kunne innfri det ønsket. Dei stadfestar nok ein gang posisjonen sin som eit knallsterkt band med siste skiva som kom ut i år, seier festivalsjef Viggo Randal.