Har vi råd til karakterkrav på sjukepleiarstudiet?


I 2035 vil Noreg mangle 28 000 sjukepleiarar ifølge SSB. Det er 12 år til. Likevel har vi nyleg innført karakterkrav og blant anna kutta desentralisert studium på HVL avdeling Førde i år. Dette har ikkje vi som samfunn råd til!

I 2019 bestemte dåverande regjering at det skulle vere karakterkrav om at alle sjukepleiarstudentar må ha 3 i norsk og matte for å begynne på studiet. Skal vi ta oss råd til å miste studentar?

I 2019 søkte 25 648 personar på sjukepleiestudiet, men no i 2023 var det berre 18 700 personar som søkte, og det er en reduksjon på 6948 personar. 

I år er eg førsteårs sjukepleiarstudent, men eg har og komme inn i kommunestyret i heimkommunen min, Høyanger. Og eg er irritert over at dyktige menneske ikkje kjem inn på studiet grunna to karakterar frå vidaregåande. 

Sjukepleiarstudiet er eit krevjande studium, og det er mange emne og eksamenar ein skal igjennom. Dette vil då gi ei naturlig sortering som skil ut dei som er kvalifiserte. 
Regjeringa si grunngjeving av karakterkravet i 2019, var at det skulle bli betre kvalitet på sjukepleiarane som blei utdanna. Er ikkje dei sjukepleiarane vi har i dag gode nok? Vi har sjukepleiarar som har stått i sjukepleiaryrket i fleire tiår utan å ha fått betre mattekarakter på vidaregåande enn 2. Har nokon lidd nokon naud av dette? Svaret er nei.

Det vi kjem til å lide ein naud av er sjukepleiarmangel! Det betyr at det ikkje er bemanning til å utøve den omsorga og det behandlingstilbodet vi treng.  

I år var det 51 søkarar til det desentralisert sjukepleiarstudiet i Førde. Men berre 13 av dei var «kvalifiserte» etter regjeringa sine krav, og derfor blei det studiet fjerna i år. NRK har og nyleg publisert eit intervju med Linda Sofie Kannelønning, Randi Selseng Johansen og Lillian Tistel som blant anna har bachelor i sosialt arbeid og 20 års erfaring som hjelpepleiarar. Men dei var ikkje «kvalifiserte» til sjukepleiarstudiet. Slik kan vi ikkje ha det! (Høge karakterkrav får skulda for at Høgskulen på Vestlandet (HVL) har avlyser sjukepleiarutdanning – NRK Vestland)

No må vi ta et oppgjer med systemet, fordi diktanalyse og kvadratrot skal ikkje få bestemme om du får lov til å begynne på sjukepleiestudiet eller ikkje. Vi må ta tak i alle hendene som ønsker å bli sjukepleiarar, fordi vi treng alle hendene vi kan få. I 2035 vil vi mangle 56 000 hender. La oss ta tak i dei hendene no, fordi ingenting vil endre seg om ikkje vi politikarar har handlekraft til å endre på systemet. 

At fleire byrjar på sjukepleiestudiet, er ikkje den fullstendige løysinga på sjukepleiar- mangelen. Men å gjere det til eit attraktivt studium, og at det ikkje skal vere krav i spesifikke fag for å komme inn, er i alle fall eit skritt i riktig retning. Vi må og ta vare på dei sjukepleiarane vi har, ved å auke lønna og gi dei betre arbeidsvilkår.

Så kjære regjering, no er det nok! Vi skal heie på og legge til rette for dei som ønsker å utdanne seg og jobbe som sjukepleiarar -  ikkje stille fleire krav. 

Eg vil jobbe aktivt for at fleire skal ønske å jobbe i denne sektoren og gi alle sjansen til å utdanne seg.

Hedda Andrine Skår Indrebø
Kommunestyremedlem for Raudt Høyanger