Representantar frå Vadheim Røde Kors Hjelpekorps ved hjartestartaren i Vadheim. (Foto: Vadheim Røde Kors Hjelpekorps)

Har gjort hjartestartarar meir tilgjengelege

I samband med den internasjonale Røde Kors-dagen 8. mai har Høyanger Røde Kors no gjort to av sine hjartestartarar lettare tilgjengelege for folk.


– Tidlegare var hjartestartaren til Røde Kors i Vadheim innelåst i den kommunale brannstasjonen, og den som er i Sæbøegården i Høyanger har vore litt bortgøymd, men no har begge blitt plassert på ein stad som gjer det lett for alle å bruke dei.

Det fortel Randi Rusti som er nestleiar i Høyanger Røde Kors. I Vadheim er no hjartestartaren plassert i eit skap på veggen på kaihuset, og i Høyanger står det no ein i inngangspartiet til KIWI. 

– Hjartestartarane er heldigvis ikkje så ofte i bruk, men dei er veldig gode å ha når ein først treng å gjennomføre hjarte- og lungeredning. Det er ikkje så lenge sidan den i Vadheim var i aksjon, og jo lettare hjartestartarane er å få tak i, jo større sannsyn er det for at dei kan vere med på å redde liv.

Ein av dei nye frivillige i Høyanger Røde Kors Hjelpekorps, Jarl Ivar Hauge Mjånes, framfor hjartestartaren ved KIWI i Høyanger. (Foto: Høyanger Røde Kors)

Førstehjelp
Å drive opplæring innan livreddande førstehjelp er ein viktig del av aktiviteten til Røde Kors. 

– Vi deltok mellom anna under Tryggleiksveka til kommunen i haust der vi gjennomførte opplæring i førstehjelp og bruk av hjartestartaren på bytorget i Høyanger. Vi ser at ungdommar gjerne er nysgjerrige og ønsker å vere med og lære, medan dei vaksne gjerne er litt meir tilbakehaldne. Dei er kanskje redde for å gjere noko feil, men når det kjem til førstehjelp er det verste du gjer å ikkje gjere noko.
Rusti fortel at mange gjerne har delteke på førstehjelpskurs, men at kunnskapen ikkje har blitt halden ved like.

– Det er med førstehjelp som med anna kunnskap. Det må repetering og aktiv bruk til, elles forsvinn den. Alle som er aktive i hjelpekorpset må derfor få godkjent førstehjelpskunnskapen sin kvart tredje år ved å gjennomføre både praktiske og teoretiske prøvar. Sjansen er stor for at du ein gong i løpet av livet kjem i ein situasjon der nokon sitt liv står i akutt fare, og som regel er det ikkje medisinsk personell der med ein gong, så dette er kunnskap som bokstavleg talt kan utgjere forskjellen på liv og død.

Rusti har forståing for at det kan vere stressande å skulle prøve førstehjelp framfor andre, men det finst alternativ for dei som ønsker å tileigne seg kunnskap meir i ro og mak.

– Røde Kors tilbyr no gratis digitale førstehjelpskurs på rodekors.no. Desse kursa er ikkje ei fullgod erstatning for fysiske førstehjelpskurs, men er eit godt supplement for dei som ønsker å bli litt tryggare på å gi førstehjelp i møte med skade eller akutt sjukdom. Det er veldig viktig at så mange som mogleg kan litt førstehjelp, så om du har ein times tid tilgjengeleg er dette ein veldig fin ting å bruke tida på.

God rettleiing
Rusti fortel at ein på 113.no kan finne ein oversikt over hjartestartarar som er tilgjengelege for AMK og allmenta, og som garantert har batteri som er lada og utstyret ein elles treng til å bruke hjartestartaren. Det finst fleire hjartestartarar i kommunen, slik som hos ulike bedrifter og i offentlege bygg som og kan vere tilgjengelege for folk, men det er dei på 113.no som garantert er det, så lenge bygga dei står i er opne. Rusti har også eit godt tips til dei som hamnar i situasjonar der dei får bruk for ein hjartestartar, utan å ha prøvd ein før. 

– Ein bør sjølvsagt ringe 113 når ein oppdagar ein livlaus person, og der vil du og få god og stegvis rettleiing i bruken av hjartestartaren. Så du treng ingen førehandskunnskap, men hjartestartaren vil ikkje ha nokon effekt og ein ikkje har starta manuell hjarte- og lungeredning først. Så det viktigaste du kan gjere er å få opplæring i dette, enten på eit fysisk kurs eller på nettsida vår.