Erna Osland. Foto: Lene Løtvedt

Gjev pris til Erna Osland

Erna Osland vant Kulturdepartementet sin Litteraturpris for 2022.


Fredag vart Erna Osland tildelt litteraturprisen i prisutdelinga til Kulturdepartementet for barne- og ungdomslitteratur utgitt i 2022. Prisutdelar var kulturminister Anette Trettebergstuen. Osland får prisen for boka «Spring!» gitt ut på  forlaget Ominipax, ei bok innehaldande sju forteljingar om nye og gamle hjarte, om å lese, og om å søke ei trygg hamn.

Saman med prisen blir Osland også tildelt 50 000 kroner.

Juryen si grunngjeving:

Når læraren masar om lesing, byrjar hjartet til Arild å dunke. Hjartet seier "Spring, Arild, spring!", og Arild spring. Han spring heim til farfar, til morfar eller til den gamle naboen Andersen. Læraren og mor og far likar ikkje at Arild spring frå skulen, men dei gamle forstår meir. Dei veit mykje om det som er viktig i livet, og dei veit også at det finst mange måtar å lese på. I ei helsing fremst i boka, får vi vite at det er Arild sjølv som har skrive ho. Han har fortalt boka til ein pc.

I denne hjartevarme boka, med sju forteljingar som kan lesast i vilkårleg rekkjefølgje eller som éi lang historie, kjem ordkunstnaren Erna Osland verkeleg til sin rett. Med tilsynelatande enkle grep får ho sagt utruleg mykje om lesevegring, det å flykte frå problem og - ikkje minst - om venskap mellom barn og eldre menneske. Språket er presist, poetisk og godt å lese, og forteljingane har eit gjennomført barneperspektiv.

Dette er ei bok til å bli litt klokare av. Illustrasjonane til Per Ragnar Møkleby konkretiserer og understrekar dei mellommenneskelege relasjonane på ein varm og underfundig måte.

Erna Osland (f. 1951) er barne- og ungdomsbokforfattar og arbeidde som norsklærar fram til 1995. Ho er fødd i Høyanger i Sogn, er utdanna lektor og skreiv norsk hovudfagsoppgåve om barnelitteratur. Osland debuterte med ungdomsromanen Natteramnen i 1987, og har sidan skrive omlag 60 fag- og skjønnlitterære bøker – hovudsakleg for barn og ungdom. Osland er tildelt ei rekke litterære prisar og blir rekna som ein av våre fremste norske forfattarar av barne- og ungdomsbøker.