Gav nesten 100 kroner per innbyggar

Folk i Høyanger kommune gav 92,66 kroner per innbyggar under TV-aksjonen. Det er nesten dobbelt så mykje som landsgjennomsnittet på 49,96 kroner.


TV-aksjonen vart gjennomført søndag, men det vil vere mogleg å gi heilt fram til 1. desember så dei endelege tala er ikkje heilt klare enda. Men ein kan alt no slå fast at innbyggarane i Høyanger opna lommebøkene sine og gav meir enn innbyggarane i dei fleste andre kommunar i landet.

– Akkurat no ligg vi på 51. plass nasjonalt, og 7. plass i fylket, og det må vi sei oss godt nøgde med, fortel leiar for innsamlingskomiteen i Høyanger, Birgitta Hagen Kyrkjebø.

I skrivande stund er summen frå Høyanger på 365 915 kroner.  Ei viktig årsak til at Høyanger hamnar høgt på statistikken er gåva frå Hydro Høyanger på 100 000. Men sjølv utan den ville Høyanger låge langt over landssnittet med 67,33 kroner per innbyggar.

– Noko som er litt kjekt er at barnehagane våre har engasjert seg for å hjelpe andre barn i krig og konflikt. På topp 5 lista over givarar i kommunen no finn vi både Kyrkjebø barnehage, Olderdalen barnehage og Hjetland barnehage. Kyrkjebø utmerkar seg spesielt med ei gåve på heile 20 980 kroner, noko som gir dei ein andreplass bak Hydro på givarlista.

Hagen Kyrkjebø fortel og at pengane har kome inn gjennom fleire kanalar til årets TV-aksjon.

– Vi har ikkje heilt oversikt over alt enda. Noko kjem via Vipps, andre gåver kjem på andre måtar, og så har ein jo sjølvsagt bøssene som vi framleis har valt å halde på her i kommunen. Vi hadde god geografisk dekning på bøssene og fekk inn 74 000 kroner der, så all honnør til dei som tok på seg jobben med å gå med bøsser søndag!

Gåvmilde vestlendingar
Folk i Hyllestad har også vore givarvillige og har gitt 64,10 kroner per innbyggar. Der føregår det ein aktiv kampanje for tida som involverer lokalpolitikarar og haustkalde sjøbad, så her kan nok talet stige vidare alt etter kor vondt innbyggarane i Hyllestad vil politikarane sine. Gulen kommune er også høgt på lista med 75,98 kroner per innbyggar, medan vesle Solund har klinka til med 134,07 kroner per innbyggar, og er med det oppe på 19. plass nasjonalt. Som fylke plasserer Vestland seg på 4. plass med 57,24 kroner per innbyggar.