Det vart både varmt og solfylt i Leirvik laurdag under Sognefjordfestivalen, og det førte til at folk valde å kose seg litt ekstra denne dagen.
– Kor mange som var innom festivalområdet er vanskeleg å sei, men det var minst like mange besøkande i år som i fjor, noko vi er svært godt fornøgde med, seier medarrangør Erna Braastad. Litt av grunnen for at det vart så mange i Leirvik sentrum denne dagen var fordi folk rett og slett ikkje reiste igjen når dei først hadde komt. – Dei besøkande tok seg god tid og var lenge her. Det var masse å gjere på området som var gratis å delta på, så det tok litt tid om ein ville få med seg alt. Det var og litt underhaldning i løpet av dagen som mange gjerne ville få med seg.Såpass mange var innom Sognefjordfestivalen i år at det på eit tidspunkt ikkje var parkeringsplassar å oppdrive i Leirvik. (Foto: Sergii Afanasiev)
Foto: Sergii Afanasiev
Full klaff for Sognefjordfestivalen
Sognefjordfestivalen i Leirvik vart i år som før svært godt besøkt.