Frustrert over manglande informasjon


Arnhild Gundersen er frustrert over manglande informasjon når det gjeld utbetring av vegen opp til Ullebø.

Ho seier at innbyggjarane på fjellet over Vadheim, no i 28 veker har halde seg til informasjonen om at vegen blir opna 3. november.

–Det eg er oppteken av er først og fremst manglande informasjon om at arbeidet vart så forsinka som det no ser ut til, seier Gundersen.

–Kva vegvesenet hadde som slutt dato i sine konkurransepapir og som eventuelt er ferdigstillingsdato for prosjektet er ikkje interessant for oss brukarar av vegen. Det er det berre opningsdatoen som er, seier ho.

Arnhild "Lissen" Gundersen

Vegvesenet forstår frustrasjonen

–Vi skjønner at det er frustrerande å måtte køyre rundt frå Ullebø i så lang tid. Når det tek lengre tid enn det ein håpar, er det kjedeleg, er prosjektleiar Jens-Ivar Nilsen i Statens vegvesen sitt svar til Arnhild Gundersen.

Les meir i dagens Ytre Sogn