Forventningar LO og stortings­fleirtalet


LO i Ytre Sogn har på styremøte 27.03.23 diskutert forventningar til lønsoppgjeret i år og vil uttale følgjande:

Ifølgje ei melding på NRK, har Statistisk Sentralbyrå funne ut at det dei siste åtte åra ikkje har vore nemneverdig reallønsauke.  Det er omtrent 40 år sidan arbeidstakarar flest har hatt like svak lønsutvikling.  

I fjor var prisveksten på heile 5,8 %.  Når den gjennomsnittlege lønsauken var på 4,6 %, betyr dette reallønsnedgang.  Denne nedgangen vil vere større eller mindre enn 1,2 %, alt etter kor ein ligg an i forhold til gjennomsnittet.

Det som gjer situasjonen endå verre for lønnsmottakarar flest, «vanlige folk», er at prisveksten på mange nødvendigheitsvarer er høgare enn snittet.  Vi tenkjer då på f. eks. mat (6,5 % prisvekst) og straum (19 % prisvekst).

Denne utviklinga står i grell kontrast til auken i dei søkkrike sine formuer, og korleis desse blir skattlagte.  Ved inngangen til 2000-talet, betalte dei 0,1 % rikaste over 20 % av inntekta si i skatt.  I 2017 betalt dei ned mot halvparten (11,8%).  

LO i Ytre Sogn har den forventninga til LO om lønnsoppgjeret og til stortingsfleirtalet om skattesystemet, at den negative utviklinga blir snudd, slik at klasseskilja blir mindre, ikkje større.

Styremøtet i LO Ytre Sogn ved leiar Lars Kjetil Skeie