For Thristan og Leander må det enten vere varmt, eller bratt!


Namn: Thristan Engebø Ullebø (t.v) og Leander Larsen
Arbeid: Lærlingar på Hydro
Bustad: Høyanger
– Kvar reiser du på ferie?
– Eg likar å reise til varmare strøk så eg må sei syden. Kvar er ikkje nøye, så lenge det er solrikt, seier Leander.

– Eg er einig med Leander der. Varmen er eit «must». Elles vil eg seie å reise på via ferrata og å klatre er veldig interessant og gøy, seier Thristan.

– Kvifor?
– Som sagt er eg glad i varmen, så det er det som dreg meg på ferie. Det er noko litt anna enn det vi er vande med i Noreg, seier Leander

– Om eg skal til syden må eg og seie at det er varmen som dreg meg dit, men når eg reiste på via ferrata var det eit ønskje om å prøve noko nytt og få eit «adrenalinkick» som inspirerte, fortel Thristan.

– Nemn tre sjåverdigheiter folk bør få med seg der?
– Ein må sjølvsagt innom stranda og bade. Og på kveldane er det gøy å reise på klubbar, er dei to einige om.

– Eit godt restauranttips?
– Ein må reise ein plass ein synest er fin. Eg har ikkje noko spesifikk plass som ein må innom, men eit tips er å søke litt rundt og sjå kva andre anbefaler, seier Leander.

– Eg meiner det alltid er gøy å prøve noko nytt og ete forskjellig kvar dag ein er på ferie. Ein kan gjerne reise på ein lokal restaurant, seier Thristan

– Turistfellene ein bør unngå?
– Det er lett å kaste vekk pengar på slike som går på stranda og prøver å selje deg noko, massere deg eller flette håret ditt. Pengane kan ryke fort da, så det bør ein helst unngå, er dei to einige om.

– Kva souvenir bør ein ta med seg heim?
– Eg plar ikkje ta med meg noko spesiell suvenir, men om ein skal ha med seg noko må det bli noko småtteri som ein magnet eller eit postkort, meiner Leander

– Eg meiner opplevingane ein får på turen er suvenir nok. Ein treng ikkje ta med seg noko fysisk, så lenge ein har hatt gode opplevingar og fine minner, meiner Thristan.

– Neste stad du planlegg å reise på ferie?
– Neste tur får bli saman til ein varm plass. Kanskje Hellas er noko liknande, seier dei to.

via ferrata Sandro Pertini (Foto: Maurizio Ceol)

Hellas (Foto: Pixabay)