Stian Kyrkjebø (f.v), Øyvind Sæbøe Johansen og Tommy Aasen i arrangørgruppa bak Melkesyrefestivalen er no i ferd med å rigge til for festival under open himmel (Foto: Andreas Kyrkjebø)
Vêrmeldinga lovar sol og sommar

Flyttar Melkesyre­festivalen ut

Melkesyregjengen brukte ikkje lang betenkningstid då meteorologane bestemte seg for å love finevêr i Høyanger i helga.


Fredag og laurdag brakar det laus med Melkesyrefestival i Høyanger. Fram til no har planen vore å avvikle festivalen i Høyangerhallen, men sidan vêrgudane ser ut til å vise storsinn denne helga vart det seint tysdag kveld bestemt at festivalen no skal føregå under open himmel.

– Parkeringsplassen utanfor Høyangerhallen er i ferd med å bli omgjort til festivalområde og ein musikalsk oase for helga. Vi ser med stor glede fram til å ta imot folk i strålande solskinn fredag ettermiddag, og håpar på fullt ”hus” når Natas går på scena kl. 20.00.

Det seier Øyvind Sæbøe Johansen som er med i arrangørgruppa bak Melkesyrefestivalen. Han fortel at overgongen frå innandørs til utandørs festival har vore fullstendig uproblematisk.

– Det er ingen som seier nei til noko som helst her, og alle strekk seg langt for å få ting til. Normalt ville ei slik omstilling medført hundre telefonsamtalar, behov for eit titlas nye tillatingar, og dugelege mengder med okking og akking. Slik er det ikkje her. Alle hiv seg rundt for å skape den beste festivalopplevinga som mogleg i Høyanger, og dette må vere verdas enklaste festival å stable på beina. Denne typen fellesinnsats er eit prakteksempel på kulturaktivitet og inkludering skapt i samarbeid mellom kommune, private, frivillige og organisasjonslivet.

Sæbøe Johansen håpar også på velvilje frå innbyggjarane i Høyanger no når bygda er i festivalmodus.

– Sidan parkeringsplassen utanfor hallen er teken i bruk som festivalområde ber vi om at dei som skal til idrettsanlegget eller treningssenteret parkerer ved Høyanger vidaregåande skule fram til måndag.

Området utanfor Høyangerhallen vil ifølge Øyvind Sæbøe Johansen bli ein musikalsk oase i helga. Slik såg det ut onsdag kveld etter eit par timar med rigging. (Foto: Erlend Nybø)

Dødsing i solskinn
Med seks band og artistar på programmet både fredag og laurdag blir det mykje god musikk i Høyanger denne helga. Men det er ikkje berre musikk Melkesyrefestivalen har å by på. Dei arrangerer også dødsing på kommunekaia.

– Det er klart at det ikkje akkurat skadar med sommar og sol når ein skal føreta luftige svev ned i Høyangsfjorden heller. Dødsinga startar kl. 16 laurdag, og vi satsar på godt oppmøte av både maritime våghalsar og   publikummarar med godt humør.