Fabrikksjef Ann Synnøve Øygård (f.v) og HR Business Partner Anja Pettersen overrekte tysdag sjekken på 100 000 kroner til leiaren for TV-aksjonen sin lokale aksjonskomite i Høyanger Birgitta Hagen Kyrkjebø.

Flying start for TV-aksjonen i Høyanger

Hydro Høyanger har som verket har lang tradisjon for gitt eit solid bidrag til årets TV-aksjon.


I skrivande stund ligg Høyanger kommune på 22. plass av totalt 357 kommunar i landet når det kjem til bidrag per innbyggar under årets TV-aksjon. Ein stor del av æra for det har Hydro Høyanger, som tysdag gav 100 000 kroner.  

– TV-aksjonen er ein fantastisk flott dugnad, og innsatsen som blir lagt ned av frivillige er inspirerande. Vi i Hydro lokalt og nasjonalt er glade for at vi også i år kan vere med å bidra i denne samanhengen.

Det seier fabrikksjef Ann Synnøve Øygård og HR Business Partner Anja Pettersen. Dei kunne tysdag overrekke sjekken på 100 000 kroner til ”innsamlingsgeneral” Birgitta Hagen Kyrkjebø.

 – Vi er sjølvsagt veldig glade for at Hydro år etter år stiller opp og støttar TV-aksjonen. 100 000 kroner er eit betydeleg beløp, og vi håpar at denne støtta kan inspirere andre næringsaktørar som har verksemd i kommunen til å også gi eit bidrag. Det finst mange bedrifter her, både lokaleigde og nasjonale aktørar, som kanskje har høve til å støtte eit godt føremål som dette.

Inntektene frå årets TV-aksjon går til Redd Barna og deira arbeid for barn i krig og konflikt.

Vil halde seg i toppen
Hydro som konsern donerer i år over ein million til TV-aksjonen og Redd Barna sin innsats for å hjelpe barn som er råka av krig og konflikt. Kvart sjette barn i verda veks opp i krigssituasjonar, og det har aldri vore så mange barn på flukt som det er no. 

– Hydro er eit selskap som har teke samfunnsansvar gjennom meir enn hundre år på mange ulike område, og for oss gir det god meining å støtte hjelpearbeid retta mot barn og unge som blir hardt råka av krig og konflikt, noko som frarøver mange framtidshåp og høve til å ta ei utdanning.

Hydro Høyanger er ein av elleve fabrikkar og kraftverk i Hydrokonsernet som gir eit bidrag til TV-aksjonen. Samla er støtta frå selskapet på 1 150 000 kroner, og det er ikkje berre Hagen Kyrkjebø som set pris på bidraget. Også generalsekretær Birgitte Lange i Redd Barna uttalar seg med takksemd om støtta frå Hydro i ei pressemelding. 

– Kvar einaste dag blir barn utsett for brutaliteten til krigen. Barn har rett til å vekse opp i trygge omgjevnader og bli høyrt. Det er dette TV-aksjonen i år handlar om. Over ein million kroner fra Hydro er eit fantastisk bidrag til aksjonen i år som verkeleg monnar.

Hagen Kyrkjebø håpar at Høyanger held seg i landstoppen heilt fram til TV-aksjonen er over søndag kveld. 

– Dette er ein stor og landsomfattande dugnad, og Høyanger har stolte tradisjonar med mykje givarglede, så mi oppfordring til både næringslivet og privatpersonar er å følge opp initiativet som Hydro no har tatt og bidra til dette gode formålet.