Det var reine sommardagen då 3. og 4. klasse skulle ha fjelldag på tysdag. Med knallblå himmel, solskinn og varmegrader langt opp på 20 talet var det ikkje mykje som tilsa at det var 6. september og haust.
Barna starta dagen med å gå ei rebusløype rundt Siplovatn der det var satt opp postar med oppgåveløysing og andre quizspørsmål til barna. Etter rebusrunda var det tid for å utforske området og plukke blåbær. Her vart det rapportert om fleire etne bær enn det som vart plukka. Vidare vart det grilling av pølser og marshmallows til dessert.Lærarane hadde og lånt med fleire hengekøyer frå utstyrssentralen BUA som ungane kunne slappe av i etter mat. Når klokka nærma seg 13.30 vart barna henta av foreldregruppa som hadde avtalt køyring. Elevane gav uttrykk for at dei hadde storkost seg på fjellet og sa at dei kunne tenke seg å ha fjelldag kvar dag.