Laurdag kl. 12 går startskotet for fiskefestivalen på Søreide der ein kan vinne fine premiar om ein har fiskelukka med seg. Etter at siste fisk er vegd blir det kafé og aktivitetar før kveldsprogrammet byrjar kl. 20.
– Då blir det båltenning og litt familieaktivitetar før det blir fest og dans for dei over 18 kl. 21, fortel uoffisiell og lettare påtvinga talsmann for arrangementet, Preben Søreide. – Heile dagen blir etter god gamal oppskrift som mange er godt kjent med etter mange tiår med fiskefestival og flakedans, men vi har eit nytt innslag i år. I år vil det nemleg bli kokt fiskesuppe på ein del av fangsten under fiskefestivalen, og den vil det vere mogleg å kjøpe både på dag- og kveldstid.Det er lang tradisjon for fest og moro på «flaken» på Søreide, og til helga brakar det på ny laus med fiskefestival og flakedans. Dette bildet er frå Osland Havbruk sitt 60-årsjubileum i 2023.
Festar for ei god sak på Søreide
Ingen jonsokfeiring utan fiskefestival og flakedans på Søreide, men i år går festinntektene til å gjere bygda enda litt betre å bu i.